FOKUS Bård Vegard Solhjell Stortingsrepresentant for SV. 36 < Fagbladet 5/2014 «Kultur er viktig.» Smak på dei orda. Saman gjer dei meir enn ein halv million treff på Google. Det finst ikkje ein politikar som aldri har ytra dei. Og dei er djupast sett meiningslause. Alle kan seie at «kultur er viktig». Det er verdas mest keisame setning, fordi den rommar alt og ingenting. Alt, fordi «kultur» jo er alt det vi menneske – medvete eller ikkje – gjer i lag. Ingenting, fordi kulturen først blir «viktig» i politikken når den faktisk prioriterast. Føre andre gode føremål. Ingen politikar vil stå på ein talarstol og si at «helse er viktig» eller at «skule er viktig». Det ville høyrast ut som om vedkommande ikkje hadde noko betre å kome med. Kunst og kultur er ikkje «viktig». Kunsten er ikkje «krydder » i livet. Det er noko av sjølve hovudretten. Det må òg vere utgangspunktet for politikken. Kulturpolitikken må vere i kjerna av nasjonal politikk. Ingen politikar som vil byggje eit betre samfunn for folk, skal kunne gløyme kulturpolitikken. Til det er den altfor viktig for demokrati, fridom og samfunnsbygging. Grunnlova slår fast kva prinsipp og verdiar samfunnet vårt byggjar på, og i desse dagar skal ho reformerast av Stortinget. SV meiner det Eg vil at kulturpolitikken skal ha same plass i politikken, som kunst og kultur har i liva våre. Kultur er ikkje viktig? statsbudsjettet til «Høgresidas fridomsreform kultur. Gjennom åtte raudgrøne framstår som ein fridomsbløff, år blei målet eit skalkeskjul for mindre nådd, og kulturbudsjettet pengar og større private innslag nesten dobla. i kulturlivet.» er grunn til at retten til kulturell deltaking og kulturell fridom skal slås klarare fast i Grunnlova. Dei statlege styresmaktene skal respektere den kulturelle identiteten til kvar einskild og leggje til rette for at alle kan delta i kulturaktivitetar og oppleve eit mangfald av kulturuttrykk, og den vitskaplege og kunstnarlege fridommen skal respekterast. Dette bør stå i Grunnlova. Men viktigare: Dette bør liggje til grunn for kulturpolitikken – og heile politikken. Denne våren er det ti år sida Kulturløftet blei lansert. Kulturløftet sitt viktigaste mål var å bruke ein prosent av Kulturløftet gjorde også kulturpolitikk til realpolitikk. Støtta til kultur gikk framfor støtte til andre viktige samfunnsføremål. Kultur blei løfta opp i politikkens eliteserie. No har den nye regjeringa varsla si retning i kulturpolitikken, gjennom det dei kallar ei «fridoms reform» som skal gje «auka maktspreiing, høgare kvalitet og breiare finansiering av kulturlivet». Høgre har mellom anna varsla at dei vil ha færre politiske føringar på institusjonane, utan å forklåre kva føringar det gjeld. Dei vil gje Kulturrådet vidare rammer til å omprioritere, altså meir fridom til byråkratiet. Ut over det er oppsummeringa mi at høgresidas fridomsreform – til no – er innhaldslaus. Den framstår som ein fridomsbløff, eit skalkeskjul for mindre pengar og større private innslag i kulturlivet. I verkelegheita er Torhild Widvey sin politikk å devaluere kulturpolitikken. Å bruke mindre pengar på kultur, og å flytte makt frå folkevalde organ til marknaden, det er å gjere kulturpolitikken mindre viktig i politikken. I Stortinget formulerte Widvey seg slik: «Jeg mener at et ensidig fokus på tilskuddsnivået gjennom mange år har fjernet oppmerksomheten fra innhold og fbaargang2014 fbseksjonKIR