colourbox.com colourbox.com kvalitet i den offentlige kulturdebatten. » Ingen helseminister eller samferdsleminister ville sagt noko slikt. Tvert om, dei veit at pengar er ein nødvendig, men ikkje tilstrekkeleg, føresetnad for kvalitet. Og kvalitet i kulturlivet er like naudsynt som på alle andre viktige områder i samfunnet. Det burde, om ikkje anna, ein kulturminister forstå. I den raudgrøne regjeringstida vann kulturlivet budsjettkampen. Men kva i kulturlivet vann, og kva tapte? Under jubileet nyleg sa eg at det i for stor grad vart eit kulturløft frå toppen, og ikkje frå botn. Dei store institusjonane fekk eit naudsynt løft, som òg ga ringverkingar til heile kultursektoren. Men den kulturelle grunnmuren vart ikkje styrka, og har framleis store sprekkar. Difor meiner eg at ei ny kulturpolitisk satsing må starte frå botn. Heller enn nye kulturhus eller meir pengar til institusjonane, må den styrke og byggje den kulturelle grunnmuren. Biblioteka og kulturskulane er dei lovpålagde kulturtilboda i Noreg, og skal vere tilgjengelege for alle innbyggjarar – over heile landet. Skal vi, slik vi foreslår til Grunnlova, sikre kulturell deltaking for alle, er det her vi må starte. Dei neste åra vil SV prioritere eit nasjonalt bibliotekløft og fleire plassar i kulturskulen til ein overkommeleg pris. Saman med ei slik satsing på den kulturelle grunnmuren, vil SV prioritere å verdsette kunstnaranes arbeid betre. Ikkje med ord, men med løn, vederlag, honorar og arbeidsstipend. Det er diverre svært langt att før profesjonelle kunstnarar er i nærleiken av den tryggleiken dei fleste andre yrkesgrupper i Noreg har i sin kvardag. Og det er enda lenger att før myten om den fattige, geniale kunstnaren er knust. Det er altså ikkje slik at ein kunstnar vert mindre skapande av ei sikker inntekt. Tvert om. Eg vonar fagrørsla vil vere med SV i denne kampen. På same måte som vi kjempar mot sosial dumping i heile arbeidslivet, må vi kjempe mot utøvardumping i kulturarbeidslivet. Det er jo ikkje slik at kunstnarane står for krydder i kvardagen vår. Det er dei som gjer oss kunsten som gir sjølve livet meining. GRUNNMUR: Bibliotek og kulturskulane er lovpålagde kulturtilboda i Noreg, og skal vere tilgjengelege for alle innbyggjarar – over heile landet. Fagbladet 5/2014 < 37 fbaargang2014 fbseksjonKIR