KulturministerThorhild Widvey (H) Vi ynskjer at alle born og unge i Noreg får oppleve engasje- rande kunst og kultur av høg kvalitet. Me ynskjer eit tett samarbeid med profesjonelle kunstnarar om dette. Eit flott døme er Den Norske Opera og Ballett sitt samarbeid med fire osloskular om ei framsyning for femteklassingar. Tenk for ei opp leving det er for borna å få setje opp ein opera! Det er viktig at born og unge får høve til å delta sjølve, både dei som seinare vil bli profesjonelle kunstnarar, og dei som vil ha kunst og kultur som ein kjær hobby. Kunst og kultur er til glede og nytte heile livet. Ikkje minst for dei aller yngste. - Kvifor er kultur formidling for barn viktig? Vi ynskjer at alle born og unge i Noreg får oppleve engasje- rande kunst og kultur av høg kvalitet. Me ynskjer eit tett samarbeid med profesjonelle kunstnarar om dette. Eit flott døme er Den Norske Opera og Ballett sitt samarbeid med fire osloskular om ei framsyning for femteklassingar. Tenk for ei opp leving det er for borna å få setje opp ein opera! Det er viktig at born og unge får høve til å delta sjølve, både dei som seinare vil bli profesjonelle kunstnarar, og dei som vil ha kunst og kultur som ein kjær hobby. Kunst og kultur er til glede og nytte heile livet. Ikkje minst for dei aller yngste. - Kvifor er kultur formidling for barn viktig? Barnehagen der løva bestemmer L L øvelova og den fargerike løvebamsen, som barnehagen brukar i all form for sosialt samspel og konfliktløysing, er henta frå programmet Være Sammen. Det er forfattar, salmediktar og kulturarbeidar Eyvind Skeie som utvikla opplegget, som starta opp i 2010. Han engasjerte vidare Torhild Roland Vetvik til å leie arbeidet, der meininga er å gje barnehagane ein solid plattform som viser korleis samspelet mel- lom vaksne og born bør vere. Det er ikkje noko revolusjonerande i dette programmet. Dette handlar først og fremst om å auke kompetansen om dei grunn- leggande verdiane i barnehagen. Det er viktig at opplegget er eit kompetanseløft for alle tilsette i barnehagen, og at det er laga materiell for både borna og foreldra, seier Vetvik. Å setje grenser Være Sammen fokuserer på den autoritative vaksenrolla, der den vaksne set klare grenser og ikkje blir ettergivande eller forsøm- mande. I tillegg set dei søkjelyset på det medverkande barnet, empatiutvikling og sosial kompetanse. Være Sammen er ikkje eit program i tradisjonell forstand, men handlar om implementering av grunnleggjande haldningar i barnehagen. Målet er at barnehagen skal arbeide på eit systemnivå samstundes som dei aukar kompetansen hjå kvar enkelt tilsett, noko som gjev barnehagen ein felles pedagogisk plattform. Senter for åtferdsforsking har stått for den faglege tilrettelegginga av kompetanseløftet og er evaluert av Universi- tetet i Agder. Kunnskapsdepartementet var også inne med støtte til programmet, slik at ein kunne starte opp eit pilotprosjekt med utvalde barnehagar. Dette er eit enkelt opplegg som er mogleg å realisere i ein travel kvardag. Dei tilsette får eit felles språk dei kan nytte i sosiale samanhengar med borna, og ein felles plattform å arbeide ut ifrå. For oss er det viktig at dette ikkje er eit prosjekt. Dette har ingen sluttdato, dette er noko barne- hagane må ta med seg vidare i kvardagen, meiner Vetvik. fbaargang2014 fbseksjonKIR