Basis i kvardagen Styrar i Frøysland barnehage, Inger-Lise H. Askildsen, meiner løvelova og resten av opp- legget i Være Sammen er viktig for samspelet mellom borna og dei vaksne. Frøysland barnehage var ein av barnehagane som fekk vere med i pilotprosjektet, og fekk dermed vere med på å sy programmet saman. Me sakna eit program som kunne liggje i botn av alle fagområde; om det var matte, språk eller fysisk aktivitet. Det er viktig med relasjonar og kommunikasjon i alle aktivi- tetar. For oss fungerer programmet slik at det gjev oss ein basis i pedagogikken, me kallar oss sjølve for ein løvebarnehage, seier Askildsen. Ho forklarer at programmet ikkje vil stoppe opp, men vere i stadig utvikling i barnehagen. Ofte tek dei opp att tema dei allereie har vore gjennom, eller det kjem nye tilsette som treng ei innføring. Programmet legg dessutan til rette for at dei tilsette skal få tid til å utvikle eigarskap til programmet før det blir introdusert for born og foreldre. Løvelova gjeld Hjå Frøysland barnehage er løvebamsen og løvelova ein heilt naturleg del av kvardagen. Me ser at borna løyser konfliktar med å vise til løva. Slik ville løva ha gjort det, seier dei. Eller løva får lov til å vere med i spesielle situasjonar og leikar. Borna viser til at løve- lova seier at dei skal dele og tenkje på andre. Innhaldet i programmet er også synleg i dramatiseringar, formgjevingstimar og utstillingar som borna lagar. Kort fortalt er løva og programmet til stades i alle ledd i barnehagen, meiner Askildsen. Kva for nokre barnehagar passar opp- legget for? Eg meiner dette er noko alle barnehagar kan ha nytte av. Som sagt er ikkje temaa revolusjonerande, men det er godt å få sett det heile i system og få sett ord på kva som påverkar relasjonane mellom oss. Mitt tips er at ein tek seg god tid med opplegget, og ikkje tenkjer at ein skal klare det på eit år, seier Inger-Lise H. Askildsen. LØVELOVEN Kan du løveloven? Jeg skal være meg. Men gi plass til andre Slik at de blir seg. Bry meg om en annen Hjelpe når jeg kan. Slik blir livet bedre For barn i alle land Ser du en som plages. Det er ikke bra! Alle må stå sammen Om å si ifra. Alle barn på jorden Har den samme rett Til å være trygge Og til å være sett. Eyvind Skeie, Være Sammen 2010 Styrar i Frøysland barnehage, Inger-Lise H. Askildsen, meiner løvelova og resten av opplegget i Være Sammen er viktig for samspelet mellom borna og dei vaksne MARI OG MAGNUS HOS BESTEMOR Av : Ruth Lillegraven og Inger Landsem Samlaget 2014 Dette er fjerde boka om Mari og Magnus. No skal dei overnatte borte for første gong. Heldigvis er det hjå bestemor og hunden Rusken, så det er ikkje så veldig skummelt. Dette er ei konsen- trert, varm og fin historie som speglar små augneblinkar i kvardagen på ein god måte. Hjå bestemor kan dei sove på hem- sen, dei får bake bollar og passe dei små lamma som bur i løa. Mari og Magnus ringer heim for å seie god natt og kosar seg hjå bestemor. Men midt på natta vaknar Mari av noko varmt som ligg oppå føtene. Kva kan det vere? Somme gonger kan det vere godt å få litt ekstra trøyst av bestemor når ein søv borte for første gong. Mange små lesarar vil la seg sjarmere av dei jord- nære historiene om Mari og Magnus. Her er bileta far- geglade og rike på detaljar, og mange av dei minste vil kjenne seg att i utfordringane som Mari og Magnus møter. I dei andre bøkene opplever dei til dømes å få seg katt og møte ein smokketjuv. Judith Sørhus Litlehamar SIRKUS SPETAKKEL Av: Kari Smeland Samlaget 2014 Vesle Ada er på landevegen med dei to rufsete sirkusonklane sine, Mikko og Rasmus. Dei to onklane er ekte klovnar, og saman reiser dei rundt med Sirkus Spetak- kel. Ada er ikkje heilt som andre jenter; ho går ikkje på skule, og ho bur ikkje saman med foreldra sine. Heldigvis har Mikko og Rasmus lært henne å lese, men gangetabellen får ho nok aldri lære, sidan klovnane ikkje er spesielt glade i tal. På landevegen møter det vesle sirkuset mange utfor- dringar, særleg når den ekle sirkusdirektøren Rottekjeften vil ha Sirkus Spetakkel vekk frå ve- gen. Dermed byrjar kampen om sirkustrona og jakta etter ei mor som Ada ikkje kan hugse. Kan det vere sant at ho har ei mor som er sirkusdronning og ein far som bur på ei aude øy? Historia som Kari Smeland har skrive, er varm og truverdig. Ho handlar om vennskap, om fel- lesskap og om saknet etter for- eldre. Kampen mellom det gode og det vonde står sentralt; kven vinn kampen om sirkustrona? Det er mykje tekst i boka, og illustrasjonane klarer ikkje alltid å gje oss dei pusteromma me kanskje treng i lesinga. Samstundes er det god flyt og eit godt språk i boka. Boka passar best for dei mel- lom 9 og 12 år. Judith Sørhus Litlehamar Bokmelding fbaargang2014 fbseksjonKIR