36 < Fagbladet 2/2015 A pparatet ser ut som ein liten mobiltelefon med ein stor raud alarmknapp midt på i staden for tastatur. I tillegg er der symbol som viser ein raud og ein grøn telefon. Men brukaren kan ikkje ringe med den, berre svare på anrop. GPS-en får lett plass i ei handveske eller jakkelomme. Men for at den skal fungere, må den vere slått på og batteriet vere lada. Og sistnemnte må gjerast ofte, gjerne kvar dag om den er mykje i bruk. «Sporingseining» er det offisielle namnet. Den er kopla til ein mobiltelefon som får ei tekstmelding når brukaren trykkjer på alarmknappen. Mottakaren kan då enten aktivisere ringefunksjonen for å snakke med avsendaren, eller spore vedkomande via mobilen eller ved å logge inn på nettsida med kartet som viser kvar brukaren er. Prøveprosjekt Ulstein kommune er med i Velferdsteknologiprosjektet på Sunnmøre i lag med Ålesund, Ørskog, Vanylven og Herøy. Prosjektet starta i 2012 som del av Det Midt-Norske Velferdsteknologiprosjektet, der målet var å teste ut ny teknologi i dei kommunale pleie- og omsorgstenestene. Ulstein var med i gruppa som skulle prøve ut om Global Positioning System (GPS) kan bidra til å gi demente og familiane deira ein tryggare og friare kvardag. Konklusjonen er klar: – Ja og nei! Marit Botnen får samtykkande nikk frå Gunn Helen Muren, leiar ved demensavdelinga ved Ulstein sjukeheim. – Når rett person får utstyret og det fungerer som det skal, gir det større fridom. Han eller ho kan bu heime, og dei pårørande slepp angsten for ikkje å finne vedkomande om han eller ho går seg vill, forklarer Muren. Men då er altså føresetnaden at utstyret verkar som det skal, og det er det slett ikkje alltid at det gjer, i alle fall ikkje det utstyret som vart brukt i prosjektet. Umoden teknologi Etter omfattande intervjurundar med brukarar og pårørande fekk 16 personar i dei fem deltakarkommunane kvar sin GPS. Eit halvt år seinare var berre fem i bruk. Rapporten etter prøveprosjektet summerer kvifor: For dårleg batterikapasitet, apparatet har for mange knappar og er vanskeleg å forstå for dei med størst kognitiv svikt, sporinga fungerer berre utandørs og alarmfunksjonen brukar ofte lang tid på å nå fram til mobiltelefonen den er kopla til. Berre ein GPS er framleis i bruk av dei Ulstein kommune delte ut. Likevel er både Botnen og Muren begeistra og meiner det berre er eit spørsmål om tid før teknologien er forbetra og GPSsporing kan brukast av fleire. Særleg vil det auke livskvaliteten for fysisk spreke demente, som då kan bu heime lenger og får bevege seg fritt slik dei gjorde før dei vart sjuke. Også pårørande får det lettare når dei slepp å bekymre seg heile tida. Det er gjerne dei som er pådrivarar for å prøve sporing. – Men ein GPS kan ikkje hindre skader, ulykker eller at du går deg vill. Den kan berre gi tryggleik for at du blir funnen dersom noko skjer, påpeikar Muren. Tekst og foto: May Britt Haukås – Utstyret passar ikkje for alle, og teknologien er ikkje godt nok utvikla enno. Men når det fungerer, er det eit fantastisk hjelpemiddel, seier Marit Botnen, helse- og omsorgssjef i Ulstein kommune på Sunnmøre. Dei har testa ut GPS-sporing av demente. spreke demente GPS-sp orar «Der det har fungert, får vi eintydig positive tilbakemeldingar.» Marit Botnen , Helse- og omsorgssjef i Ulstein kommune. fbaargang2015 fbseksjonHEL