Fagbladet 2/2015 < 37 Juss og etikk I juni 2013 vart det vedtatt ei lovendring i pasient- og brukarrettslova som opnar for å bruke sporing- og varslingsteknologi for menneske utan samtykkekompetanse. Endringa vart gjort gjeldande frå september same året. Bakgrunnen er eit ønskje om å regulere og å auke bruken av slik teknologi i helse- og omsorgssektoren. Målet er å bidra til auka livskvalitet, verdigheit, sjølvstende og fridom for den enkelte brukar, og sjølvsagt også tryggleik både for dei og dei pårørande. Både helsesjef Marit Botnen og avdelingsleiar Gunn Helen Muren avviser at bruk av GPS er overvaking og eit alvorleg inngrep i privatlivet til brukarane, dei meiner erfaringa viser at det er tvert om. Berre positive tilbakemeldingar – Der det har fungert, får vi eintydig positive tilbakemeldingar. Dette er strengt regulert, og det må gjerast grundige vurderingar i samråd med pasienten og dei pårørande før det blir fatta eit vedtak om bruk av GPS, seier Botnen. Ho understrekar at velferdsteknologi aldri skal kome i staden for hjelpande hender, den skal vere eit supplement. – Folk vil ha det trygt, bu heime så lenge som råd og vite at dei får hjelp når det trengs. GPS kan vere eit slikt hjelpemiddel for somme, på same måten som komfyrvakt og tryggleiksalarmar, seier Muren. Både ho og Botnen trur mange allereie brukar sporing ved hjelp av mobiltelefonar, utan å involvere det offentlege helsevesenet. – Ein 80-åring for ti år sidan og ein 80-åring i dag er svært ulike. I dag er mange av dei eldre vande med mykje moderne teknologi. Det er når dei ikkje meistrar mobiltelefonen sin lenger at GPS kan vere eit enklare alternativ som gir tryggleik, seier Botnen. «Folk vil bu heime så lenge som råd og vite at dei får hjelp når det trengs.» Gunn Helen Myren, leiar ved demensavdelinga på Ulstein sjukeheim. TRY GG OG FRI : Behovet for å kome seg ut blir ikkje borte om minnet sviktar. Sporing med GPS kan gi fridom og hindre store leiteaksjonar. fbaargang2015 fbseksjonHEL