38 < Fagbladet 2/2015 Ei l åg vintersol fl øymer inn vindauga i dei rommelege lokala med kafeteria i eine enden. Dei er seks i bowlinggjengen denne formiddagen. Øivind Bergstrøm (95) har spelt bowling før også, den gongen han var yngre og sprekare. Reidun Hareide (78) er på dagsenteret nokre dagar i veka. Ho har stor moro av å spele. Bjarne Kaldsnes (73) fører nøye rekneskap over poengsummar og kven som står for tur til å kaste. Hagny Volle Osnes (95) blir like glad og overraska kvar gong det er hennar tur, og får hjelp av aktivitetsleiar Torill Botnen til å stå på rett plass. Det velretta kastet som haustar jubel er det Steinar Johan Skoge (65) som står for. Imponerer ungdommane På veggen midt imot hjørnesofaen heng ein stor tv-skjerm. Det er der det skjer. Bildet viser ei bowlingbane med kjeglene oppstilt. Midt mellom skjermen og sofaen er det plastra eit kryss på golvet som indikerer den perfekte posisjonen. Spelaren parkerer rullatoren ute av vegen og strekkjer høgre arma ut til sida for å «hente» kula. Så gjeld det å få rette bøyen i knea og sleng på arma for å sende den virtuelle kula med passe kraft mot kjeglene. Lyden av kula over bana og når den treff kjeglene er som i ein bowlinghall. Det er engasjementet til spelarane også. – Vi har ofte besøk av elevar frå ungdomsskulen som spelar med oss. Dei er imponerte over dei eldre, at dei spelar dataspel og kor gode dei er, smiler Torill Botnen. Som aktivitetsleiar er ho heile tida på leit etter ting som kan aktivisere og engasjere bebuarane på sjukeheimen, i omsorgsbustadane og brukarane av dagsenteret. Dataspel starta dei med for eit par år sidan, som ein del av Velferdsteknologiprosjektet på Sunnmøre som Ulstein kommune er med i. Det er ein formidabel suksess. – Spelarane får trim for både kropp og hjerne, og så er det veldig artig også, ler ho, etter nettopp å ha hanka inn dobbel poengsum og ekstra kast med ein straight. – Eg får mykje trening fordi eg spelar med så mange grupper, legg ho unnskyldande til. Lite utval Det er bowlingspelet som er mest populært. Dei har prøvd med andre også, som bilspel, men det fungerte ikkje like godt; tempoet vart for høgt. Men Bot- TRIM OG MORO: Lyden av kula på veg mot kjeglene er akkurat som i ein vanleg bowlinghall. «Spelarane får trim for både kropp og hjerne, og så er det veldig artig også.» Torill Botnen, aktivitetsleiar nen håper og trur at dei snart får fl eire spel å velje i: – Det har vore ein augeopnar for oss som jobbar her å sjå kor rekrutterande og engasjerande dette dataspelet er; det har gitt oss eit heilt nytt syn på velferdsteknologi, seier ho. Tidlegare har ordet hatt ein negativt klang hos helsepersonalet; maskiner kan ikkje erstatte menneskeleg omsorg og pleie. – Det er ikkje det dette handlar om, men om å bruke ny teknologi for å gi folk ein betre kvardag, seier ho, og legg til ei klar melding: – Dataspel tilpassa eldre må vere ei fenomenal vekstnæring, berre dei som lagar slike spel oppdagar det! Bravo! Det kjem høge hurrarop og klapping ved Ulstein sjukeheim. Bowlingkula har akkurat meia ned ni av ti datakjegler. på sjukeheimen DATAMORO Tekst og foto: MAY BRITT HAUKÅS fbaargang2015 fbseksjonHEL