40 < Fagbladet 2/2015 Lærer med Mopp og Mikko I Ølensjøen FUS barnehage har dei tilsette forstått verdien av å formidla bøker om igjen. Til glede for barna finn dei vaksne nye og spennande måtar å fortelja historia på. Av : Sv e i n Ol A v B. l A n g å k e r | F O t O : l e S e S e n t e r e t – Kva er det Mopp og Mikko elskar for noko? – Dyr!!! ropar ungane i Ølensjøen FUS barne hage. – Sjå her, då! Kva er dette for noko? – Ein pusekatt!!! Det er samlingsstund på småbarnsav delinga. Vibecke Gundersen har med seg mange dyr, bokfigurane Mopp og Mikko – og mange spørsmål om kva dyra heiter og kva dei gjer på. Sidan våren 2014 har Ølensjøen FUS barne hage samarbeidd med Lesesenteret om eit utviklingsprosjekt, der dei aktivt nyttar lesing som utgangspunkt for språkstimulering for dei yngste barna. – Barn elskar repetisjon, og repetisjon er òg nødvendig for språklæringa. For kvar gong ei bok blir formidla om igjen, møter barna språket på ny. Dei får bekrefta det dei veit, dei får bruka språket og dei får utvida erfaringane sine, seier Trude Hoel ved Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger. Nasjonalt døme Ho håpar at prosjektet i Ølensjøen FUS barnehage blir eit eksempel til etterfølging for andre norske barnehagar. – Me har sett at dei av ungane som var stille og rolege, har blitt ivrige i samlingsstunda og prøver å delta i samtalar så godt som dei klarer, seier Vibecke Gundersen. Ho er tidlegare spesialpedagogisk leiar i Ølensjøen FUS Barnehage. Ho forklarer at ikkje alle barna har utvikla språket sitt enno, men at dei plukkar opp lydar og etterliknar dei så gode som dei kan. Det er 16 barn frå alderen 0-3 år som har deltatt i dette prosjektet. Dei har mellom anna lært mykje om ulike dyr av «Mopp og Mikko», og dei har vore på handel i butikken med figurane. For kva er fbaargang2015 fbseksjonKIR