Fagbladet 2/2015 < 41 Wenche With debuterer med ei spanande god natt - forteljing som passar best for dei mellom tre og seks år. Ho gir oss oppskrifta på korleis ein kan fange den skumle haien som gøymer seg på soverommet og kjem fram akkurat når du skal sove. Haien som har skarpe tenner og som dukkar opp når du eigentleg skulle sove søtt. Men ingen fare, når barnevakta til vesle Puddingen viser seg å vere ein ekte monsterkokk. Pia veit nemleg forskjellen på vanleg hai og vriomhai, ho veit at ein treng berre eit glas vatn og ei sitron for å lage ekte hai-te. Og haien på soverommet til Puddingen går sjølvsagt rett i fella. Teikningane er akkurat så mørke og skumle som dei skal vere for å halde oppe spenninga i historia, samstundes forstår nok også dei minste lesarane at haien eigentleg ikkje fi nst. Innimellom dei mest dramatiske teikningane ser me også Puddingen og Pia på kjøkkenet, med ei ause som våpen og eit dørslag som hjelm. Dei fl este av oss har vel høyrt rare lydar og sett skumle skuggar etter leggetid. Denne boka gir oss oppskrifta på korleis ein kan ufarleggjere det heile. Kanskje blir det litt lettare å sove etter denne historia? Judith Sørhus Litlehamar Elisabeth Moseng har tidlegare illu strert bøker for både Erna Osland og Bjørn Sortland, dette er hennar debut som forfattar. Det er ingen tvil om at streken og illustrasjonane er det sterkaste ved denne biletboka, det er dei som ber historia og formidlar den gode forteljinga. Moseng klarer også å bruke orda og setningane som grafi ske element. Setningane svingar seg langs halsen på dino sauren, dei hoppar over eit fjell og skyt ut i verdsrommet i rakettfart. Ho blandar også ord med små og store bokstavar, noko som gjer høgtlesinga lettare då lesaren får vite kor trykket i setninga ligg. Historia er enkel, men også så universell. Den vesle guten som snart skal bli storebror, og som har fl eire spørsmål enn svar. Han som trur at han blir så sterk at han kan løfte eit hus, berre han blir storebor, eller så rask at han kan hoppe over eit fjell kanskje? Men kva med mor og far, vil mor framleis kitle han slik at han nesten tissar på seg, og vil faren framleis vere hesten hans? Og kva skal han heite? Supermann? Sjefen? Eller kanskje berre Storebror? Det er både skremmande og spanande å tenkje på livet som storebror. Biletboka passar for både dei yngste og litt eldre borna. Teikningane og tekstelementa er såpass enkle at dei treff dei minste best, men handlinga gir truleg ein ekstra dimensjon til dei som sjølve skal bli storebror eller storesøster. Judith Sørhus Litlehamar BOKMELDINGAR Av: Wenche With Illustrert av Jens Kristensen Mangschou 2014 Av: Elisabeth Moseng Mangshou 2014 MONSTER-KOKKENE LAGER HAI-TE NÅR EG BLIR STOREBROR eigentleg å handla? Kvifor må me handla? Og kva kan ein handla? – Imponert Omsorgsassistent Jeanine Eide synest det er viktig å framheva at det er mogleg å ha med bøker på småbarnsavdelinga òg. Ho sydde Mopp og Mikko-tøydokker som ungane vil ha med seg. – «Mopp og Mikko»-bøkene er veldig enkle, men eg har blitt imponert over alt ein kan dra fram frå dei. Eg kjente sjølv at eg blei inspirert av det, seier ho. Med bøkene har ein noko enkelt tilgjengeleg som ikkje krev så mykje planlegging. No i vinter har dei byrja å jobba med Lars-bøkene til Svein Nyhus; «Lars er Lars» og «Lars er ikke». – Då får me læra om kroppen, læra namnet på kroppsdelar og telja fi ngrar og tær, seier Jeanine som no har sydd ei Larsdokke til avdelinga deira. Trude Hoel ved Lesesenteret rosar måten barnehagen bruker bøker på. Han rådar andre barnehagar til å jobba systematisk med lesing og registrera leseaktivitetane. Kor mange gongar tek barnet initiativ til å lesa sjølv? Kor lenge sit barnet med ei bok? Spør barnet ein vaksen om å lesa? Takkar barnet ja til eit tilbod om å lesa ei bok saman med vaksen? Vel barnet konsekvent bort leseaktivitetar? Ho meiner dette kan gi større medvit om barnehagen sin eigen lesepraksis. Sjå video frå barnehagen på Pirion.no Kvifor skal me lesa saman med ungane? - språkstimulering - innpass i ein lese- og skriftkultur - lyst til å lesa meir - erfaringar med skrift og bilde i bruk - forståing - nærleik og felles opplevingar - felles kulturelle referansar - vekkjer undring og stimulerer fantasien - kunstopplevingar fbaargang2015 fbseksjonKIR