42 < Fagbladet 2/2015 Kultur, språk og litteratur På nettsida vår kan du og lesa om Pirionkurs: Korleis kan vaksne bli medvitne brukarar og formidlarar av språk , kultur og identitet? Faste spalter: BOKPRAT | MIN BARNEHAGE | LES FOR MEG | AKTUELT www.pirion.no facebook/pirion @avisapirion for deg som jobbar med barn Gjennom leseaktivitetar møter barna eit språk som er rikare og meir variert enn kvardagsspråket. Å lesa bøker saman er ein verknadsfull – og verdifull – språkutviklande aktivitet. Av : tr U D e HO e l , F Ø r S t e AMA n U e n S i S , l e S e S e n t e r e t I boka om Prinsesser og drakar les eg og Terne (5 år) om prinsesse Fresia som er kalla opp etter ein vakker blome, og likevel er ho erkesint. – Kva betyr erkesint? spør Terne. – Kva tenkjer du? spør eg. – Erke er kanskje ikkje eit ord du pleier å bruka, men du seier jo ofte kjempe- og super-. – Er erkesint det same som kjempesint eller supersint?, spør Terne. Ho tenkjer litt på dette, og så seier ho: – Eg synest ikkje erke høyrest supert ut, men eg er einig i at det er litt sånn kjempe… I denne vesle fortellinga ser me korleis det å møta nye ord i ei fortelling kan føra til refl eksjonar og utprøvingar som gjer språket rikare. Språkstimulering er éin av fl eire viktige grunnar til at me skal bruka god tid på å lesa saman med barn med ulik bakgrunn, med ulik leseerfaring og med ulik språkmeistring. Gjennom lesinga møter barna gode mønster for språkbruk både i den vaksne si formidling av fortellinga i boka, og ikkje minst i samtalar rundt lesinga. Dessutan gjev lesinga tilgang til felles opplevingar og referanserammer, og gode lesestunder er dermed ei kjelde til både leik, undring og læring. På www.lesesenteret.no fi nn de fi lmar og korte tekstar som handlar om kvifor det er så viktig å lesa saman med barna, kva bøker som er fi ne å lesa saman og korleis de kan leggja til rette for gode lesestunder. Tips oss på pirion@pirion.no Me vil gjerne ha tips og innspel om det er noko du syns me bør ta opp, eller om du har tips om bøker me bør skriva om. Sjå og www.pirion.no PiRion Kvifor det er så viktig å lesa saman med barna PIRION ER STØTTA AV KUNNSKAPSDEPARTEMENTET, FAGFORBUNDET OG LNK PIRION 1/2015, 16. årgangen – ISSN 1502-3036 Utgivar: Stiftinga Pirion Heimeside: www.pirion.no Ansvarleg redaktør: Svein Olav Langåker, mobil 94 87 53 65 E -post: pirion@pirion.no Korrektur: Halldis Furre Formg jeving: Salikat design PIT PARION fbaargang2015 fbseksjonKIR