Britt Silseth SEKSJONSLEIAR Rett til utdanning, læreplass og arbeid står sterkt i samfunnet vårt. I desse dagar sit det mange unge som lurer på kva dei skal bli. Det første store valet er kva for line dei skal velje på vidaregåande. Kanskje ikkje det lettaste å ta stilling til i ein alder da skole og arbeidsliv ofte er langt nede på lista over det dei er opptekne av. Det fi ne er at valfridomen er stor. Eg skreiv i ein tidlegare leiar at dei unge som skal sette kursen inn i vaksenlivet, må velje både med hjartet og hovudet. Det er eit gode å ha mange val, men det er òg eit press. Mange vel nok utan å gå så djupt inn i kva som kjem ut i andre enden. Det er difor det er så viktig at rådgjevarar i ungdoms skulen, foreldre og andre vaksenpersonar tek ansvar. Å vere ein god rollemodell og rettleiar er ikkje alltid lett, men ofte er det den eine trygge vaksne som får ungdomar på rett spor. Det gjeld ikkje minst for dei som slit mest. Det er gledeleg at det oftare no enn på lenge er ein debatt om kva slags kompetanse vi treng. Må alle ha ein master for å lukkast? Treng alle velje universitets- og høgskuleutdanning? Vi har eit arbeidsliv som vil ha fl eire fagarbeidarar og fag skoleutdanna. Det er difor viktig å framsnakke yrkesfaga. Rett val etter ungdomsskulen kan og vera meir enn å velje rett fag. Det kan vere avgjerande for om den unge i det heile gjer seg ferdig med vidaregåande. Det store fråfallet i skulen er noko vi må stoppe. For dei ungdomane som dett ut, er det berre negativt. Der har skule og heim eit felles ansvar. Fagforbundet er ute og vervar både i vidaregåande, på høgskular og universitet. I Fagforbundet er alle like mykje verdt som medlemer. Spelereglane i arbeidslivet er dei same; Fagforbundet vil at alle skal ha eit arbeid å leve med og ei løn å leve av. Å vere ein god rollemodell og rettleiar er ikkje alltid lett, men ofte er det den eine vaksne som får ungdomar på rett spor. 38 < Fagbladet 2/2015 Den gode rettleiar Medlemsrekord i Fagforbundet Fagforbundet hadde en god medlemsvekst i 2014, og hadde ved årsskiftet 341.463 medlemmer, hvorav 216.126 yrkesaktive. Det ble rekord i antall innmeldinger i oktober måned, med 2559 nyinnmeldte. Det var 7419 fl ere medlemmer ved årets slutt enn ved starten. Det er jevnt med veksten i 2012, og noe høyere enn i 2011 og 2010. Totalt meldte 23.786 personer seg inn i Fagforbundet i løpet av fjoråret, mens det er registrert 16.246 utmeldinger, omtrent samme nivå som i 2013. Seksjon helse og sosial, Seksjon kirke, kultur og oppvekst og Seksjon samferdsel og teknisk økte antall medlemmer, mens Seksjon kontor og administrasjon hadde en nedgang. Antall medlemmer under 30 år er nå 37.706, en økning på 2531 siste år. Av disse er 27.928 yrkesaktive, herav 5648 lærlinger. 4945 er studentmedlemmer, en økning på 331 i 2014, og Fagforbundet har nå 4135 elevmedlemmer, en økning på 1038. Uføre- og pensjonistmedlemmer utgjør 99.681, som er en økning på 3240 medlemmer. OT Tid for seksjonskonferanser I alle fylker vil seksjonskonferansene gå av stabelen i løpet av mars og april. Seksjonskonferansene arrangeres annet hvert år, og foruten valg av styre i seksjonen, blir det diskusjoner om nye yrkesfaglige og yrkespolitiske utfordringer. Alle fylker får besøk av representanter fra det nasjonale seksjonsstyret eller administrasjonen som vil legge fram Fagforbundets prioriterte tiltak i strategiplanen og om særlige satsingsområder i Seksjon kontor og administrasjon. SHJ Trond Finstad er gjenvalgt som leder i Seksjon kontor og administrasjon i Fagforbundet Østfold. Finstad er også nestleder i seksjonens styre nasjonalt. NBM Trond Finstad leder SKA i Østfold Foto: Kirsti Knudsen Nytt fjes i administrasjonen Sandra Marie Herlung er ansatt i Seksjon kontor og administrasjon (SKA) og Seksjon samferdsel og teknisk (SST) for å jobbe med høg skolesatsingen. Sandra har også ansvaret for faggruppene økonomi, personal og IKT i SKA, og skal jobbe med faggruppene eiendom, bygg og anlegg og samfunnsplanlegging, bygg- og arealforvaltning i SST. NBM Foto: Per Flakstad fbaargang2015 fbseksjonKON