Fagbladet 2/2015 < 41 Den siste boka frå Roald Kaldestad er ei nydeleg og litt trist forteljing om venskap. Om det å oppleva at bestevennen fl ytter, om historia dei har hatt i lag og om saknet og lengta og om regn. Masse regn. Og eit nytt håp. «To hundre og sekstini dagar med regn. Han ser lauvet falla som kalender ark frå trea. To hundre og seksti ni dagar. Og kvar gong det regnar, saknar han sin beste ven.» Biletboka er vakkert illustrert der gråblått og raudt er hovudfargar. Det er fi ne raude lauv og uttrykksfulle andlet. Sjølv om teksten fortel om nyansar av grøne fargar synest eg einskilde av illustrasjonane er I overkant mørke og dystre. Han drøymer om ho der dei sprang over slettene. Om jojoen dei grov ned. Det har regna I lang tid, og Kaldestad skriv om ulike typar regn: vårregn, yr, duskeregn og høljeregn. Slik som kjenslene våre varierer, endrar òg vêret seg. Ein dag tek regnet slutt, og melankolien endar. Ei ny jente fl yttar inn I nabohuset. Kanskje han får ein ny bestevenn? Dette er nok ei historie som fl eire barn kan kjenna seg att. Biletboka kan passa godt til høgtlesing for barn frå fi re-fem år. Meldt av: Camilla Ruhs Kva seier musa? Kvifor er snigelen våt? Finst det fl yplassar for fuglar? Små og store ting, dyr og planter har sine løyndomar. Menneske har også det. Den fi ne boka Løynde ting hjelper lesaren å skjerpa sansane; som ein hjort som lyttar eller ein fårehund med hjernen sin i potane. Boka av den prislønna skotske barnebokforfattaren er full av undring av små og store ting i kvardagen. Kanskje lærer me då å ta betre vare på verda og kvarandre? Dikta kan passa godt til høgtlesing for små og store menneske frå fi re år og minst til hundre. Boka er varmt tilrådd! MELDT AV: Svein Olav B. Langåker BOKMELDINGAR Roald Kaldestad (tekst) og Bjørn Rune Lie (illustrasjon Magikon forlag 2014 Kenneth Steven I utval og gjendikting av Per Olav Kaldestad Nordsjøforlaget 2014 TO HUNDRE OG SEKSTINI DAGAR LØYNDE TING. DIKT FOR BORN gjeve dei som jobbar med denne gruppa eit nytt mandat. Der det tidlegare har handla om å la barn utvikle seg i sitt eige tempo, kan dei no leggje til rette for det, lenge før borna byrjar på skulen. – Tjue prosent av alle barn har lese- og skrivevanskar, som gjerne ikkje vert oppdaga før i fjerde-femteklasse. Det er aldri for seint å lære, men fokuset i Noreg har vore på å handtere lese- og skrivevanskar framfor å førebyggje dei. Me kan ikkje halde på slik, konkluderer Aabrekk, og slår fast: – Eittåringane er nøkkelen. Med førebygging kan me aldri vete kven som har behov for det, men alle barn kan ha nytte av det. Det er ei investering i barnas framtid. Nordisk satsing Kring 200 norske barnehagar har teke i bruk Bravo-leken, og i desse dagar arbeider selskapet Intempo med å lansere produktet på den danske marknaden. I tillegg er det pedagogiske leikeverktyet er òg omsett til tre samiske språk. Oppsedinga av 0-3-åringane bør vere eit tett og godt samarbeid mellom foreldre, barnehage og helsestasjon, meiner spesialpedagogen, som vonar at læreopplegget hennar òg vert teken i bruk av foreldre som er heime i permisjon med borna. Aabrekk meiner dessutan at assistentar som arbeider i barnehage har ei unik moglegheit til å bidra til barns hjerneutvikling, og pensum for barnehageassistentar vidaregåande difor i stor grad burde handle om hjernen og moglegheitene som ligg der. – Forsking viser at nettverket i hjernen vert forma dei første to-tre leveåra. Jo, fl eire sanseinntrykk borna har fått som små, jo betre utvikle er områda i hjernen 20 år etter, avsluttar ho. Å la ungane kjenne på ei fl aske varmt vatn kan hjelpe når ein lærer ordet varm. Foto: Intempo Heidi Aabrekk (t.v.) får gode tilbakemeldingar av både born og vaksne som nyttar Bravo-leken. Foto: Øystein Frøyland fbaargang2015 fbseksjonKIR