42 < Fagbladet 2/2015 Kultur, språk og litteratur På nettsida vår kan du og lesa om Pirionkurs: Korleis kan vaksne bli medvitne brukarar og formidlarar av språk , kultur og identitet? Faste spalter: BOKPRAT | MIN BARNEHAGE | LES FOR MEG | AKTUELT www.pirion.no facebook/pirion @avisapirion for deg som jobbar med barn I Bokstavsommaren hentar Styrk bokstavskattar opp frå havet til veslesyster Zara. Det er utgangspunktet for 29 tekstar med tilhøyrande opplegg for bokstavutforsking i barnehagen. AV : GU D R U N KL Ø V E J U U H L O G SV E I N OL A V L A N G Å K E R , I L L U S T R A S J O N: I N G E R L I S E BE L S V I K Gjennom ein heil sommar er Zara og Styrk i lag ved sjøen. Storebror Styrk snorklar, og fi nn ein ny skatt kvar dag, som ålekvabbe, o-skjel og fl yndre. Det fi nst ein tekst for kvar bokstav, slik at ein kan velja sjølv kor mange eller få bokstavar ein arbeider med. – Ungar i barnehagen skal verta kjende med bokstavane, det står i rammeplanen, seier Trude Hoel ved Lesesenteret. Men det har mangla gode bøker og ressursar som gjer dette på barnehagen sine premissar. Det vert selt mykje ressursar og småbøker frå pedagogiske forlag, men desse byggjer så veldig på skulen sine tankar om bokstavopplæring. Derfor byrja me å pønska, og saman med Nynorsksenteret fann me ut at me kontaktar ein forfattar og lagar noko sjølv, på nynorsk. Forfattaren er Erna Osland. Frå før har ho mellom anna skrive fag bøker for barn om alt som lever under steinar til bruer og om korleis dyr og menneske søv. Høgtlesing Rådgjevar Liv Kristin Bjørlykke Øvereng ved Nynorsksenteret fortel meir om kva ressursen Bokstavsommaren inneheld: – Det er 29 tekstar, ein til kvar bokstav i alfabetet, og alle tekstane er illustrerte av Inger Lise Belsvik. Alt kjem til å liggja fritt tilgjengeleg på Internett. Det kjem også til å vera ein pedagogisk ressurs til kvar tekst som skal vera ei hjelp for personalet, med framlegg til leik og aktivitetar med bokstavar. Forteljingane er tenkt brukt i ein høgtlesingssituasjon med samtale. – Ein les forteljinga i lag med borna og samtalar om bokstav og bokstavlyd og om innhaldet i teksten. Ei av forteljingane handlar om fl yndra, F-teksten, der kan det også kome fram at dette er «bokstaven» til Fredrik i barne gruppa eller til farfar. Då kan ein fi nna og samtala om bokstavar i eige namn. Ein kan òg fi nna ord som byrjar på F, og laga desse tinga i ulikt materiale. Ressurspakke Det kjem dessutan til å vera ein biletbank, med bilete av ulike artar som vert nemnde i teksten. Dette er tenkt som ein ressursbase, der det kjem til nye ting etter kvart. Kvifor er det eit poeng å bruka nynorske tekstar når ein arbeider med bokstavane i barnehagen? – Alle barn i Noreg skal møta det språklege mangfaldet med nynorsk og bokmål, så Bokstavsommaren passar for alle. Barnehageungar som skal ha nynorsk som hovudmål, møter ofte lite nynorsk før dei byrjar på skulen, så for dei er det ekstra viktig at barnehagen let dei møta gode tekstar på nynorsk, seier Øvereng. Tekstane ligg tilgjengelege på nett og kan skrivast ut og eventuelt laminerast i barnehagen. Bokstav sommaren vil også koma i trykt utgåve, men det er ikkje klart kva form dette vil ha. Sjå meir her: nynorsksenteret.no/ bokstavsommaren Tips oss på pirion@pirion.no Me vil gjerne ha tips og innspel om det er noko du syns me bør ta opp, eller om du har tips om bøker me bør skriva om. Sjå og www.pirion.no PiRion Fiskar bokstavar i barnehagen PIRION ER STØTTA AV KUNNSKAPSDEPARTEMENTET, FAGFORBUNDET OG LNK PIRION 2/2015, 16. årgangen – ISSN 1502-3036 Utgivar: Stiftinga Pirion Heimeside: www.pirion.no Ansvarleg redaktør: Svein Olav L angåker, mobil 94 87 53 65 E -post: pirion@pirion.no Korrektur: Halldis Furre Formg jeving: Salikat design PIT PARION fbaargang2015 fbseksjonKIR