FOKUS Mange års virke som sjukehusprest ved Ullevål har ført meg inn i tallause scener som støttespelar for pasientar, pårørande og personale. Ikkje sjeldan har desse scenene vore farga av dødsfall. Magne Stendal Sjukehusprest ved Oslo universitetssjukehus og medlem av Fagforbundet. Dr.philos ved Det medisinske fakultet ved Universitetet i Oslo. Avhandlinga er utgitt i bokform under tittelen Medisin frå død til liv. Les meir: www. obduksjon.no Medisin frå døde til levande Samstundes er dette eit landskap der moderne medisin har sin dags orden, og der det under bestemte premissar ligg til rette for at nyleg døde pasientar gjennom medisinske grep kan fremje livsvilkåra for andre gjenlevande. Eg siktar her til to ulike verksemder, men som like fullt har fleire fellesnemnarar: Obduksjon og nekrodonasjon for transplantasjon. Obduksjon er namnet på den siste medisinske undersøkinga, der hovudsaka er å avdekke årsakene til dødsfallet og i lys av dette evaluere den sjukdomsbehandlinga som pasienten har gjennomgått. Samstundes er dette det fremste instrumentet for å overvake sjukdoms utviklinga i samfunnet. Nekrodonasjon for transplantasjon er overføring av indre organ, hornhinner og anna vev frå døde til levande pasientar, og der mottakarane utan slik overføring anten vil ha svært begrensa livsutsikter eller betydeleg redusert livskvalitet. Både ved obduksjon og nekrodonasjon av indre organ er det tale om relativt store inngrep i den døde kroppen, der poenget er å hente ut og realisere visse verdiar som elles ville gå tapt. Vi kan her seie at medisinsk ekspertise gjennom desse verksemdene dannar eit bruspenn frå døde til levande pasientar, der det på ulike vis blir overført livs fremjande vilkår frå den eine til den andre kategorien. I mange tilfelle gjer obdusentane funn som i større eller mindre grad korrigerer og/eller supplerer klinikaren sitt bilete av dødsårsaka. Likeins finst det mange døme på at obduksjonen har vore oppklarande og frigjerande for pårørande i sorgprosessen. Til samanlikning har nok nekrodonasjon av organ, celler og vev for transplantasjon eit mindre legitimeringsbehov i møte Er det ei god løysing å skyve synest å vere meir spørsmålet om samtykke over til ettertrakta i dagens spesialisthelse pårørande slik tilfellet er i dag? teneste. Då er det landet vart berre 2200 – det vil seie under fem prosent – gjenstand for såkalla klinisk obduksjon. Korleis kan dette ha seg, all den stund det her dreiar seg om sentrale og til dels livsviktige innslag i helsetenesta? Ser vi på det sterke islettet av naturvitskapleg tenkjemåte og tradisjon med ein hang etter fakta og dokumentasjon som langt på veg har gjennomsyra innretninga av helsetenesta vår, er det ikkje utan vidare lett å forstå kvifor ei dokumenterbar dødsdiagnose, som er obduksjonens varemerke, ikkje med brukarane enn kva tilfellet er for obduksjon. Dei fleste av oss forstår betydninga av at kronisk og kritisk sjuke kan få nye livskår, i det minste når dette behovet får eit ansikt i vår eigen midte – om ikkje før. Men fleire forhold kallar likevel på undring og spørsmålsteikn midt oppe i det som har karakter av å vere sjølvforklarande. Her skal eg peike på nokre få av dei. Begge desse verksemdene er nokså beskjedne i omfang. Av dei om lag 46.000 dødsfalla i 2013 her i kanskje ikkje så underleg at vi som brukarar av den same tenesta på den eine sida nøler med å medverke til den kompetansehevinga av behandlarane som obduksjon opnar for, medan vi på den andre sida i fullt alvor ventar rådgiving og behandling som er underlagt solid medisinsk kompetanse når det gjeld som mest. Paradokset på dette området er talande nok. Bodskapen om verdien av nekrodonasjon er nok noko enklare å selje. Men også her er det sprik i biletet. Å vere positiv til donasjon 36 < Fagbladet 4/2015 fbaargang2015 fbseksjonKIR