colourbox.com colourbox.com
når meiningsmålingsinstitutta ringjer, er ein
ting. Noko anna er å skulle svare ja når ein
er å finne ved dødsleiet til eit kjært familiemedlem
og skal ta avskjed.
I overkant av 100 døde pasientar i året
blir donorar av indre organ, som i neste
omgang gir nytt liv til meir enn 700 per-
sonar. Likevel blir listene over pasientar
som ventar på nytt organ lengre. Også talet
på hornhinner som kvart år blir henta frå
døde pasientar her til lands, ligg i overkant
av 100. Det er all grunn til å spørje korleis
det kan ha seg at vi alle håpar på å bli
tilgodesett med gjenbruk av andres friske
organ, celler eller vev, når vi sjølve eller ein
av våre næraste står på vent og treng det,
medan vi blir i tvil om organa våre kan
tilfalle andre når vi er på veg ut av livet og
for eigen del ikkje treng dei lenger? Korleis
kan vi rekne med at andre vil levere
livsviktige varer til vårt bruk,
når vi sjølve ikkje ser det som
opplagt at vi skal levere frå
oss til andre av det som
framleis er brukbart i maskineriet,
men som vi for vår del
ikkje lenger har noko glede
av og trong for? Dagens
situasjonsbilete rommar med
andre ord fleire tankekors
og kallar nok på visse
omleggingar på haldningsplanet.
Også styresmaktene har så avgjort
utfordringar på dette området: Korleis kan
dei medverke til å styrkje og vidareutvikle
obduksjon og donasjon, samstundes som
premissane og rammeverket er uklanderlege
og tillitsvekkjande? Korleis kan dei best
kommunisere med oss som
innbyggjarar om denne
tematikken? Kor opne og
direkte kan dei vere på desse
områda i omgang med brukarane?
Korleis bør informasjonen
om temaet utformast, kven
skal vere adressatane og når?
Er det ei god løysing å skyve
spørsmålet om samtykke over til
pårørande – til og med innanfor
rammene av eit dødsleie – slik
tilfellet er i dag, og utruste dei
med vetorett? Kva med donorkort?
Dette er berre nokre av dei mange
spørsmåla som dei folkevalde i helse- og
omsorgskomiteen må handsame når dei
i denne stortingssesjonen skal ta stilling
til departementet sin proposisjon til ny
lovgiving for desse verksemdene.
Fagbladet 4/2015 < 37
fbaargang2015 fbseksjonKIR