Tekst: RAGNHILD HEYERDAHL Foto: SISSEL M. RASMUSSEN – All politikk må sjåast frå brusteinen, seier Oddny Miljeteig, den nye nestleiaren i SV. Kjerringaingen kunnemålbinde Namn: Oddny Miljeteig Alder: 60 år Aktuell som: Ny nestleiar i SV. Oddny Miljeteig er opprørt. Det er ho ofte. Regjeringas forslag om eit nasjonalt tiggarforbod fått SV-hjartet til å banke endå hardare. Ikkje berre ville dei forby menneske å be om hjelp, dei ville og kriminalisere dei som hjelper tiggarane. Då måtte dei nok ha fengsle Oddny fyrst. Det er rommeleg både i lommene og i hjartet til Oddny Miljeteig. Då Strax-huset, eit lågterskeltilbod for rusavhengige i Bergen, skulle flyttast, føreslo SV-politikaren at dei skulle få dei lågaste etasjane i rådhuset. Ryktet vil ha det til at Oddny har vore med på å skjule asylsøkjarar. På det punktet er ho ordknapp. Men kampen for dei utstøtte og dei svakaste har alltid vore Oddny sitt varemerke. – Det er derfor me sosialistar trengs. Ho er «heile Bergens sosialistiske mor», skal vi tru SU-leiar Nicholas Wilkinson. Sidan 2003 har Oddny Miljeteig vore gruppeleiar for SV si bystyregruppe. I partiet er ho høgt respektert og elska for sin veremåte og sitt brennande engasjement. Då Inga Marte Thorkildsen gjekk av som nestleiar på landsmøtet i mars, vart ho med i parti -leiinga. Oddny kallar seg eit opposisjonsmenneske. Og det er vel og som «opposisjon» at ho vart hanka inn i SV-leiinga. Mens partiet dei siste åra har vore leia av småbarnsforeldre fødde på 70-talet, med bakgrunn frå SU og erfaring frå tinget, er Miljeteig 60 år gamal med forankring i lokalpolitikken og i gras- rota. Ustrigla, dønn ærleg og ikkje så reint lite uregjerleg. Som då ho i 2011 bad SV gå ut av regjering frå framsida av Bergensavisen. Eller då ho same år fronta eit opprop mot høgredreiing i partiet og hevda at «SV er inne i ei djup krise». – Kjem du til å møte deg sjølv i døra? – Eg har ingen skjelett i skapa. Mine bravadar er godt kjende. Nokre har forsøkt å gje Oddny ein medierådgjevar. Det har ikkje lukkast. «Oddny er ingen taktikar,» seier kollegaer frå politikken. Ho reknar ikkje på kor mange veljarar det er å vinne, eller korleis saka vil framstå i media. Ho møter opp på Torgallmenningen med megafon anten det kjem 20 eller 2000. Oddny seier det ho meiner, og ho let hjartet styre. Hjartet og Jesus. For Oddny si tru er fast. Ho vaks opp på garden Tøsse i Åkrafjorden i Sunnhordaland. I fjorden og den veglause grenda sto bedehustradisjonen sterkt. Oddny minnast møter i skulestova der ein og annan emissær ikkje la fingrane imellom i skildringane av den evige pine. I fleire år kjende ho seg framand frå den kristne arven, men som vaksen har ho funne tilbake til barnetrua. Eller kan hende den alltid har vore der. – Trua minner meg på kva det er viktig å være oppteken av, og kven si side ein skal ta. Ho er sjeldan i kyrkja, og det vert ikkje mykje tid til å lese i Bibelen. Men på Kafé Magdalena, Kirkens bymisjon sin kafé i 20 < Fagbladet 5/2015 fbaargang2015 fbseksjonSAM