«Trua minner meg på kva deter viktig å være oppteken av, og kven si side ein skal ta.» «Trua minner meg på kva deter viktig å være oppteken av, og kven si side ein skal ta.» Bergen sentrum, kjenner ho seg heime. Her kjøper ho kaffi og smørbrød, og treff ein og annan ven som ikkje har hatt det så lett her i livet. – All politikk må sjåast frå brusteinen. Eg er heilt sikker på at Jesus ikkje hadde følt seg bekvem i Justisdepartementet, seier Oddny og fnys av både tiggarforbod og «renovasjonspolitikk ». SV-politkaren sin far var gardbrukar, arbeiderpartimann og, ifølgje Oddny sjølv, den mest radikale i heile fjorden. Han hadde ei meining om det meste, og i potetåkeren gjekk debatten friskt mellom Ola og den einaste dottera hans. Men om faren var radikal, var Oddny det endå meir. 14 år gamal skreiv ho til Sosialistisk Folkeparti etter informasjonsmateriell. Tru mot partiet har ho vore sidan. – Det kjennest som eg vart fødd sosialist, seier 60-åringen. Men det var målsaka som fyrst gjorde Oddny til aktivist. I gymnastida i Odda var ho med på dei fyrste læremiddelaksjonane, for jamstilling av læremidlar på nynorsk, og sidan kasta ho seg inn i Målungdommen og Noregs Mållag. Det var her, i målrørsla, ho møtte mannen sin, Terje. Endå ho berre var 13 år gamal då ho flytta heimafrå, er dialekta frå Åkrafjorden like klingande som før. Noregs Mållag har neppe hatt ein meir iherdig vervar. Men framleis manglar det 35 stykk på å nå målet om å ha verva 500 medlemmer. – Heile SV si bystyregruppe i Bergen er medlemmer av Mållaget. Og eg har verva LO-leiaren. Og Arve Bakke, smiler ho. Då ho i 20-åra skulle velje kva utdanning ho skulle ta, var ho oppteken av å finne eit yrke der ho kunne vere sikker på at ho ville halde fram med å vere radikal. Valet fall på sosionomutdanninga. Og via studentorganisasjonen til Sosionomforbundet kom ho inn i fagrørsla. Ho har mellom anna vore nestleiar og fylkesleiar i FO Hordaland. Men då valkomiteen spurde om ho ville bli FO-leiar, takka Oddny nei. – Eg har fagrørsla i mitt hjarte, men eg er ingen pendlar. Og så hadde eg ungar som budde heime, veit du. Det vart SV, og ikkje LO, som trakk det lengste strået. Men Oddny har ikkje gløymt kvar ho kjem frå. «Eg trur vi kan få eit SV som søkjer meir mot fagrørsla,» seier ein gamal kollega. Nokon «quick fix» for partiet har ho ikkje tru på. Oddny trur på godt, ærleg arbeid, og kjenner seg trygg på at SV sine kjernesaker – kampen for velferdsstaten, sosial rettferd, omfordeling, klima og miljø – er det som må gje partiet gjennomslag og oppslutnad. – Du har bede SV gå ut av regjering meir enn ein gong. Vil du støtte eit nytt raudgrønt regjeringssamarbeid? – Eit parti som kavar på sperregrensa kan ikkje ha den luksusen å fabulere om den slags. No må me komme oss over kneika som parti. Å snakke om regjeringsmakt no, verkar litt råflott, synest eg. Nokon veljarmagnet er ho ikkje, skal vi tru henne sjølv. Men Oddny Miljeteig er eit kjært namn i mange leirar. Målrørsla, fagrørsla, kvinnerørsla, fredsrørsla og bonderørsla kan alle takke Oddny for lang og tru teneste. Så har ho òg hatt mange år på seg, mumlar 60-åringen. «Oddny finn enorme mengder energi for saker andre ikkje trur det er mogeleg å vinne, » seier ein ven og kollega. Men når energien ein dag tek slutt, har ho gravskrifta klar. Der skal det stå: «Seks timars arbeidsdag. Ho var med!» 22 < Fagbladet 5/2015 fbaargang2015 fbseksjonSAM