fly kanskje. Eg prøvde fordi eg likar dyr så godt, seier Nora, som bur på ein gard med katt, høne, kyr og kanin. Forbode å kaste bos I barnehagesofaen er sortering og det å ikkje forsøple eit viktig tema. – Naturen kan bli øydelagt av bos. Eg har sett mykje bos i naturen. Det er natursvin som hiv boset, seier Nora. – Kanskje me kan setja opp eit skilt, der det står at ein ikkje skal kasta bos for å ta vare på miljøet. Eller eit flagg der det står at i Noreg skal ein ikkje kasta bos, seier Sebastian. – Og så kan ein ta med ein pose og plukka bos, seier Nora. – Eller ein kan fiksa boset, slik at ein kan bruka det opp att, seier Sebastian. – Sorterer dykk boss heime? – Me må sortera heime. Eg har laga mitt eige bosspann av ei øskje, seier Eldrid. – Me må sortera flasker, papir, bioavfall og restavfall. Brukte strømpebukser med hol i og tannkostar må i restavfallet, seier Nora. – Me må sortera slik at det ikkje skal rotne og lukte kjempeekkelt, seier Nora. Råd mot meir regn Klimaendringane kan føre til våtare og villare vêr. Dei fire i barnehagen kan for- telja at dei har sett flom på tv. – Eg har sett på tv at det var fullt med vatn og nokre hus hadde dotte ned i vatnet. Dei klarde ikkje køyre bil ein gong, fortel Eldrid. Ungane er likevel ikkje så uroa for regnet. Når det regnar i barnehagen har dei ei løysing – dei har nemleg ein regn- song. – Me syng den songen når det regnar og det hjelper alltid. Me syng han ein gong, så ventar me litt og gjer det ein gong til. Av og til syng eg han ni gongar. Då hjelper det i alle fall, forklarar Sebastian. Og idet vi byrjar snakka om vêret, stemmer dei firstemt i: BOKMELDINGKorleis skriv ein for born om noko så stort, komplekst og viktig som klimaendringar og vêr? I boka Når det regnar i Afrika, byrjar Erna Osland med regnet. Me får vita korleis regnet blir til, og kor mange skydropar det er i kvar regndrope. Samtidig blir me kjent med Styrk som drøymer om regn. Far hans og mormora hans er i Afrika og byggjer vatningsanlegg, men regnet kjem ikkje. Dei mindre historiene om Styrk passar godt til faktatekstane, men kan òg lesast berre for seg. Dei gjev fine avbrekk innimellom all kunnskapen som strøymer over dei nesten 90 sidene i boka. Her er det mykje å læra, både for vaksne og barn! Erna Osland viser igjen evna si til å skapa undring og lyst til å lesa meir om den forunderlege verda me bur på. Med historiene om Styrk og faren og mormora hans i Afrika er òg med på å visa engasjementet til for fattaren for kva som hender med det livsviktige vêret vårt. Som ho skriv: «vi må gjere som Styrk: Vi må ta grep.» Meldt av: Svein Olav B. Langåker Viktig bok som tar barna på alvorErna Osland med ei ny flott faktabok for born – denne gongen om vêr og klima- endringar. Ei bok om vêr og klimaendringar Av Erna Osland Illustrert av Per Ragnar Møkleby Samlaget, 2015 Dette er ein regnvêrsang, difor må den vere lang. Sånn at vi kan sitte her, til det blir litt betre vêr. Regn, regn gå din veg. Sol, sol, kom til meg! fbaargang2015 fbseksjonKIR