Rasmus, Helin og Selma høyrer på formidlar Johanne Øvstebø Tvedten lesa gamle historier på Sunnhordland Museum. Embla i framgrunnen. Tredjeklassingane ved Leirvik skule skriv bokmeldingar til Falturiltu-festivalen Denne veka kjem sjølvaste Maria Parr til Stord for å vera festivalforfattar under den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu. – Læraren vår har lese Tonje Glimmerdal for oss, fortel Malene. Boka er morosam, synest ho. – Ho sa dust til to ungar som var der, fortel ho vidare. Helin hugsar ho har lese Historien om korleis hunden fekk våt snute. Og Førstemamma på Mars. – Det er kjekt å lesa bøkene, seier ho og Selma i kor. Men dei les ikkje berre på skulen. – Eg les heime nesten kvar dag, seier Selma stolt. Leseprosjekt Tredjeklassingane ved Leirvik skule er med på eit lese- prosjekt der dei får skriva bokmeldingar av nynorske bøker, blant anna frå den nye serien med lettlesebøker til Sam laget, Leseland. Læraren deira, Hildegunn Eskeland, er glad for å få vera med på prosjektet. – Ungane er kome veldig ulikt i leseutvikling, og då er det fint å ha så pass mange bøker å velja mellom. Me bruker litt tid på å finna dei rette bøkene til elevane, seier ho. Eskeland synest det er flott at det er kome så mange nynorske barnebøker. oss, seier ho. – Ungane synest det er kjekt. Det gjev ein ekstra dytt for I haust har ungane skrive bokmeldingar av bøkene dei har lese. Dei skriv om kva dei liker og ikkje liker ved bøkene dei les. Bokmeldingane har dei klypt ut i sirklar som dei har hengt på Stord folkebibliotek. FALTURILTU UTVIDAR Verdas første og største nynorske barnebok- festival varer frå 1. til 7. november. TEKST OG FOTO : SVEIN OLAV B. LANGÅKER – Det var så mykje me vil ha med, at me måtte utvida med éin dag ekstra, seier festivalsjef Roald Kaldestad. Festivalforfattar Maria Parr går som ein raud tråd gjennom heile festivalen. Det er utstillingar og seminar med forfattaren, i til- legg til at studentar ved Høgskolen Stord Haugesund set opp Tonje Glimmerdal-musikal. Dagsland og Nordstoga Maria Parr er med på å møta Sigvart Dagsland når han held konsert i Stord kyrkje og Odd Nordstoga held konsert og kjem truleg til å spela nokre av songane frå vaffelhjarte- plata Bestevenn. I tillegg til Stord kommune, blir det arrangement i nabokommunane Fitjar og Kvinnherad. Stord kulturskule har eigen konsert saman med forfattaren Hans Sande. Sande er også blant kunstnarane ein får treffa i ord- og bilde-verkstaden som vil gå føre seg i Galleri Giga heile festivalveka, der også utstillinga hans Hjartet raknar, huset står, vil vera å sjå ut veke 46. 150-årsjubileum Ingunn Røyset og Trio Vest vil gjera heile sju førestillingar rundt om i Sunnhordland, med musikk frå 1940-talet og tekstar frå barne- bøkene Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen og Aldri fred å få. Og barnebokfestivalen vil òg markera 150-årsjubileet til Alice i Eventyrland. I tillegg blir det to heildagssemi- nar på høgskulen om nynorsk barne- og ungdomslitteratur og formidling. Her er nokre av forfattara- ne som deltar på Falturiltu: Rune Belsvik, Bente Bratlund, Tor Arve Røssland. Berit Rødstøl, Maria Parr, Sissel Horndal, Atle Hansen og Martine Grande, Anna R. Folkestad, Vegard Markhus, Anders Totland og Ingvild Sjo. Hege Myklebust, Roald Kaldestad og Jane Jünger i programkomiteen til Falturiltu. fbaargang2015 fbseksjonKIR