FOKUS Stortinget vedtok 8. juni å endre offentleglova slik at eit byråd sine sakslister og saksdokument kan haldast hemmeleg, og vi kan risikere at vi ikkje får vite når politikarane startar å diskutere viktige politiske saker. Auka hemmeleghald i det offentlege Rolf Kalvø Pensjonist, tidlegare revisjonssjef i Bergen kommune. 36 < Fagbladet 9/2015 Tilrådingar frå kommunen sine fagfolk eller eksterne ekspertar treng heller ikkje bli kjende før byrådet konkluderer. Det er tre store byar som nå har byråd – Oslo, Bergen og Tromsø – og som har avskaffa formannskapssystemet. Felles for desse kommunane er at dei har innført eit såkalla parlamentarisk styringssystem som erstatning for formannsskapssystemet. (I skrivande stund er det gjort kjend at det nye styret i Tromsø vil gå tilbake til formannskapssystemet, og det er interessant å konstatere.) Det har blitt hevda at parlamentarisme gir grunnlag for ei meir effektiv styring, men det er vel minst like tydeleg at ein kan miste ein hevdvunnen demokratisk dimensjon. Det parlamentariske systemet i dei nemnde tre byane er ikkje identiske. Ein kan rett nok hevde at bergensmodellen har nærma seg oslomodellen. Dei første åra med parlamentarisme i Bergen var det til dømes bystyret som valde medlemmane til byrådet. I Oslo har det alltid vore byrådsleiaren som har peika ut byrådet, akkurat som statsministaren peikar ut statsrådar på statleg nivå. I Bergen treng ikkje nokon av byrådsmedlemmane å vere valde til bystyret. Praksisen i Oslo er at i alle fall leiaren må vere vald til bystyret. Poenget mitt er at kommuneparlamentarisme eller byparlamentarisme ikkje er eit eintydig definert omgrep, og kan praktiserast ulikt. Eit gjennomgåande trekk ved lokalforvaltningssystemet vårt har vore at det er kollegiale organ som fattar vedtak. Det som er ein viktig basis for slike kollegiale organ, er at dei skal reflektere folket si oppfatning, og er derfor ein viktig del av det som vi oppfattar som folkestyre. på at det er oslomodellen ein har hatt i tankane ved den konklusjonen. Men det kan vere spørsmål om den måten dette nyleg er gjort på i Bergen tilfredstiller dette kravet. Der blei byrådsleiaren fleirtalsvald på eit partimøte, og ingen av dei andre medlemmane treng eingong å vere vald til bystyret. På statsplan reknar vi at parlamentarismen blei innført i 1884 ved riksretten mot regjeringa Selmer, og har følgeleg ei 130 års utviklingshistorie. Byparlamentarismen i Bergen har ein 14-årig utviklingshistorie «Det kan og vere eit poeng at risikoen for å bli sett i korta gjer at mange held seg unna å gjere ulovlege eller tvilsame ting.» Det kan vere eit interessant spørsmål om eit byråd eigentleg treng å bli oppfatta som eit folkevald organ. Det er rett nok folkevalde som har vald eller rettare utpeika medlemmane. Men kan ein dermed kalle dei folkevalde? Kommunaljuridisk har ein visstnok konkludert med at byrådet er eit kommunalt vald organ. Mykje tyder bak seg, men systemet har hittil ikkje blitt fagleg evaluert. Eit av parlamentarismen sine berande prinsipp er at den politiske leiinga har det direkte ansvaret for virket til den underliggjande forvaltninga. Men i Bergen har vi sett eksempel på at dette ikkje har fungert slik. Giardia-skandalen er eit slikt eksempel. I kjølvatnet av fbaargang2015 fbseksjonKON