Foto: Oslo kommune Foto: Oslo kommune den saka gjekk ein fagdirektør – altså ein administrativt tilsett – stille og roleg ut. Eit verkelig politisk ansvar blei ikkje gjort gjeldande. Stortinget vedtok denne lovendringa på grunnlag av eit såkalla dokument 8-vedtak. Nokon omfattande behandling av framlegget fann ikkje stad. Det var tydelegvis gjort effektivt «forarbeid» i denne saka. Justiskomiteen tilrådde vedtaket raskt. Og Venstre vingla seg tilbake til sin liberale tradisjon og stemde mot lovendringa. I Oslo, Bergen og Tromsø var det borgarleg styre. Saka starta med at stortingsrepresentantar frå regjeringa ville kome desse forvaltningane i møte med ei lovendring. Men dei fekk med seg fleire parti – også Arbeidarpartiet. Ei samstemd presse hadde innvendingar mot lovendringa og behandlingsmåten for saka. Her kan det vere freistande å minne om erfaringar som nettopp pressa har gjort kjend for allmenta. Det kan til dømes vere relevant å minne om vannverkskandalen frå Romerike der eit interkommunalt selskap over fleire år lurte unna 20–30 millionar kroner – betalt av abonnentane. Utan kritisk og gravande journalistikk hadde denne saka neppe blitt kjend. Kommunane sine eigne kontrollorgan kunne ikkje ha greidd dette utan pressa si hjelp. Også frå nyare tid har det kome opp saker som har blitt kjende for allmenta nettopp på grunn av pressa sin undersøkjande journalistikk. Dette har vore saker som sikkert mange av dei involverte skulle MEIR HEMMELEGHALD: Det kan vere eit demokratisk problem å fjerne eit folkevald formannskap, og erstatte det med eit byråd, meiner fokusforfattaren. ønskje blei haldne unna. Det kan og vere eit poeng at risikoen for å bli sett i korta gjer at mange held seg unna å gjere ulovlege eller tvilsame ting – altså ein klår førebygging og styrking av folk sin tillit til forvaltningssystemet. Makthavarar har aldri likt å bli sett i korta, og slik er det vel framleis. Men då er det ein ekstra grunn til å ha denne moglegheita open – ikkje redusere han slik det no ser ut til å vere gjort ved å endre offentleglova. Fagbladet 9/2015 < 37 fbaargang2015 fbseksjonKON