Kva er det som gjer ei barnebok til ein klassikar? Rune Belsvik på Nynorskkonferansen, der han blei intervjua av litteraturformidlar Janne Karin Støylen. «Bekken var som eit langt kjølig sjal tvers over sommaren sin mage» klassikar!klassikar! – Det handlar om at små ting som kan gi oss store leseopplevingar, seier Svein Slettan. SVEIN OLAV B. LANGÅKER Slettan er førsteamanuensis ved Universitetet i Agder, og har skrive mykje om barnebøker. I boka Inn i barnelitteraturen har han skrive om Rune Belsvik, og i slutten på oktober var han på Nynorskkonferansen for å snakka om forfattarskapen hans og korleis ein kan kjenna igjen forteljingane som kan klassikarar. Den første Dustefjerten-boka kom i 1991. – Bøkene har levd lenger enn dei fleste andre i norsk litteraturhistorie. Viss det nokon gong blir laga ein kanon over norske barne- litteratur, så vil nok denne koma med, seier Svein Slettan. Verdas mest forelska par kom i 2001, og i fjor kom den førebels tredje og siste boka i serien om det vesle samfunnet Bløygen og det forelska paret Bidger og Esmiluni. Ikkje alltid fordel Slettan understrekar at det ikkje alltid er ein fordel å bli stempla som ein klassikar. Det kan lett skapast ulike lesekulturar, og nokon kan få skrekken over at noko blir stempla som høgverdig litteratur. – Det er ikkje så lett å seia kvifor ei bok er god, seier Slettan og understrekar at han er opptatt av barnet sine opplevingar. Slettan meiner god barnelitteratur har element av både gjenkjenning og utford- ringar i seg. Førsteamanuensis Svein Slettan ved Universitetet i Agder meiner bøkene til Rune Belsvik er barne- bokklassikarar. fbaargang2015 fbseksjonKIR