TEK ANSVAR: Zainab Noori Painda trivs med ansvar og utfordringar. Difor passar ho godt i heimetenesta. Her er ho heime hos Olefine Eikefjord i Florø. TEK ANSVAR: Zainab Noori Painda trivs med ansvar og utfordringar. Difor passar ho godt i heimetenesta. Her er ho heime hos Olefine Eikefjord i Florø. SMART: – Eit kommunalt føretak gjev kommunen god styring, meiner Jan Henrik Nygård. Flora kommune tek sjølv hand om asylsøkjarane og flyktningane. Då går også overskotet tilbake til kommunekassa. Ein av dei som er glad for at flyktninger vil bli buande i Flora, er Arild Melvær, dagleg leiar av Innvandrarsenteret KF (kommunalt føretak). Nesten halvparten av flyktningane vert buande i kommunen, eit tal Melvær meiner er ganske bra for ein distriktskommune. Nesten tretten prosent av dei 12.000 innbyggjarane i Flora er innvandrarar. Over 40 prosent har flyktningbakgrunn. Sidan 1987 har kommunen teke imot og busett nesten 1400 flyktningar. Millionoverskot Flora er ein av få kommunar, og den einaste i Sogn og Fjordane, som sjølv tek hand om asylmottak og skolering av flyktningane. Innvandrarsenteret i Florø er delt inn i tre einingar; asylmottak med 190 plassar, integreringsavdeling og vaksenopp læring. Alle statlege midlar som følgjer asylsøkjarane og flyktningane, går gjennom Innvandrarsenteret. Omsetnaden er på om lag 65 millionar kroner årleg. Etter at senteret hadde betalt nesten 12 millionar for kommunale tenester som til dømes barnehage, skule og helsetenester, sat dei i 2015 igjen med eit overskot på 6,4 millionar. Nyttar pengane der det trengst mest Jan Henrik Nygård (V), varaordførar i Flora, meiner flyktningane blir tatt godt hand om. – Innvandrarsenteret har lang erfaring og høg kompetanse. Dessutan er næringslivet og kommunen open for å gje språkpraksisplassar, seier han. Nygård er sjølv dagleg leiar av ein liten bedrift med ni tilsette, og dei har ofte innvandrarar som treng språk- og arbeidspraksis. Varaordføraren meiner det er ein stor fordel at Innvandrarsenteret blir driven som eit kommunalt føretak. – Det gjev oss betre styring slik at me kan bruke pengane på kommunale tenester ettersom behova endrar seg. Viss det til dømes er mange spedbarn, bruker me meir på helsestasjonen, eller me sett inn ekstra ressursar i barnehage eller skule dersom me har mange born med innvandrarbakgrunn. «Distrikta treng inn- vandring.» Arild Melvær Ein internasjonalkommune Fagbladet 3/2016 < 33 fbaargang2016 fbseksjonHEL