Foto: Ludvig Solberg Store pengar Alle statlege midlar som følgjer asylsøkjarane og flyktningane, går gjennom Innvandrarsenteret. Omsetnaden er på om lag 65 millionar kroner årleg. Etter at senteret hadde betalt nesten 12 millionar for kommunale tenester som til dømes barnehage, skule og barnevern, sat dei i 2015 igjen med eit overskot på 6,4 millionar som dei overførte til kommunen. Vaksne flyktningar som blir busette, skal gjennom eit obligatorisk introduksjonsprogram på normalt to år. Den viktigaste delen av program- met er norskkurs med samfunnsfag. Innvandrarsenteret tilbyr fleire ti- mar i mindre grupper enn det norsktilskotet finansierer. Flyktningar med liten skulegang får også grunnskuleundervisning i andre fag, sjølv om kommunen får statlege midlar berre til norskfaget. BREI KOMPETANSE: Yothy Pathmajothy Kamalanathan snakkar to språk flytande pluss at ho no har fagbrev. Styrer pengane dit dei trengst Jan Henrik Nygård, varaordførar frå Venstre, meiner flyktningane som kjem til Flora, blir tatt godt hand om. – Innvandrarsenteret har lang erfaring og høg kompetanse. Dessutan er næringslivet og kommunen open for å gje språkpraksisplassar, seier han. Nygård er sjølv dagleg leiar av ein liten bedrift med ni tilsette, og dei har ofte inne innvan-< Fagbladet 3/2016 < 33 fbaargang2016 fbseksjonKIR