GOD STYRING: Varaordførar Jan Henrik Nygård trur det er lettare å kanalisere pengane dit behovet til ei kvar tid er størst gjennom eit kommunalt føretak enn om utanforståande skulle drifte mottak og opplæring. drarar som treng språk- og arbeidspraksis. Varaordføraren meiner det er ein stor fordel at Innvandrarsenteret vert driven som eit kommunalt føretak. – Det gjev oss betre styring slik at me kan bruke pengane på kommunale tenester ettersom behova endrar seg. Viss det til dømes er mange sped- barn blant innvandrarane, bruker me meir på helsestasjonen, eller me sett inn ekstra ressursar til assistentar i skulen dersom mange skuleborn har innvandrarbakgrunn. Treng både folk og kompetanse Personalsjef Trond Ramstad Olsen i Flora opplyser at kommunen har kompetanseplanar på fleire område. Han fortel at behovet har vore stort for barne- og ungdomsarbeidarar, men at kommunen no har størst behov for helsefagarbeidarar. Innvandrarsenteret sørgjer for at «Det er best for alle partar om innvandrarane får ei fagutdanning.» Trond Ramstad Olsen, personalsjef Fylke: Sogn og Fjordane Befolkning: 11.862 FLORA KOMMUNE dei som skal bu i Flora, vert kartlagde med omsyn til kvalifikasjonar og interesser slik at dei kan leggje ein plan for utdanning og arbeid. – Det er viktig at det finst ein jobb i andre enden når nokon byrjar på ei utdanning, meiner personalsjefen. Sjølv om korkje han eller andre kan garantere fast eller full stilling i framtida. Eit døme på vellukka samarbeid mellom Innvandrarsenteret, Nav og kommunen er ifølgje personalsjefen prosjektet Frå flyktning til floraværing, der 13 flyktningar etter introduksjonsprogrammet byrja på ei ordinær utdanning i helse- og oppvekstfag. – Det er best for alle partar om innvandrarane får ei fagutdanning, meiner personalsjefen, som meiner det er eit lokalsamfunnsansvar at flyktningar får skule og arbeid slik at dei vert integrerte. Personalsjefen kan ikkje seie kor mange flyktningar som er tilsette i kommunen, men 6,3 prosent av dei tilsette er innvandrarar. 34 < Fagbladet 3/2016 fbaargang2016 fbseksjonKIR