Ingrid Runnane og Julian Vikanes og nokre av dei flinke skrivarane i klassen til Hildegunn Sæbø Heimro. Gir meining til skrivinga FAKTA: Normprosjektet • Truleg verdas største skrive- prosjekt i skulen. Over 3000 elevar og 500 lærarar er med. • 20 samarbeidsskular, mellom dei Tjødnalio skule og Sagvåg skule i Stord. • Starta i 2012 og varer til 2016. • Målet er å finna ut kor godt ein kan forventa at elevar på ulike trinn skal kunne skriva. • Gjennom systematisk samar- beid mellom lærarane skal ein utvikla ei felles forståing av skriving og skriveoppgåver, forventningar om skrivekom- petanse og læringsstøttande vurdering. • Lærarane bruker det dei kallar skrivehjulet til å visa korleis skriving kan brukast til å over- tyda, samhandla, reflektera, skildra, utforska og sjå for seg saker. 20 skular har vore med på verdas største skriveprosjekt. Lærdommane frå prosjektet er tatt med i den nye leseog skrivestrategien til regjeringa. TEKST OG FOTO : SVEIN Korleis kan ein 3.-klassing klara å skriva like bra som ein 4.-klassing? Og ein 7.-klassing skriva like bra som ein 9.-klas- sing? Sagvåg skule og Tjødnalio skule i Stord er blant dei 20 skulane som har vore med på det som truleg er verdas største skrive- prosjekt. Målet med prosjektet har vore å finna ut kva ein kan forventa av skrivinga til elevar på ulike klassetrinn. Professor Synnøve Matre, opphavleg frå Halsnøy og no professor ved Høgskolen i Sør-Trøndelag, har leia prosjektet som varer til 2016. – Effekten på resultata til dei 3000 elevane som har vore med, svarer til eitt års ekstra undervising. Effekten på dei kring 600 elevane med tydelegast effekt, svaret til to år ekstra undervising, seier ho. OLAV B. LANGÅKER Skreiv så blekket spruta Synnøve Matre meiner det er viktig at skriveoppgåvene som elevane får, har eit klart formål. Ei oppgåve som «Skriv om sommarferien din» har eit meir uklart formål. I staden bør lærarane bli flinkare til å skapa ei meining med oppgåvene. På Sagvåg skule fekk elevane beskjed om at den populære Melodi Grand Prix skulle bli kutta ut fordi rektor meinte elevane lærte for lite. Lærarane gav dei i oppgåve å skriva brev til rektor og fortelja kvifor Melodi Grand Prix ikkje burde stop- past. – Elevane skreiv så blekket spruta, smiler rektor Lars Bakka. Det blei likevel Melodi Grand Prix. fbaargang2016 fbseksjonKIR