Samlaget 2015 Erna Osland og Torill Stranger (ill.) Hildegunn Sæbø Heimro fortel korleis ein skriv fakta om ei mus. Sju vurderingsområde for skrivinga: • Kommunikasjon• Innhald• Tekstoppbygging• Språkbruk• Rettskriving og formverk• Teiknsetjing• Bruk av skriftmediet – Har rista litt i oss Alle elevar er avhengig av gode tilbakemeldingar. Svake elevar treng ros for å byggja sjølvtil- lit og motivasjon. Men det er ein balansegang med djupe grøfter, ifølgje Lars Bakka. – Norm-prosjektet har rista oss litt. Det blir feil å seia at alt er greitt fordi du er du. Ein må gi beskjed kvar det er forventa at elevane skal liggja. Samtidig er det viktig at ein ikkje føler ein er skuletaparar allereie frå 2.trinn, understrekar rektor Bakka. Lærarane må laga framdrifts- planar med realistiske mål for kvar elev og følgja systematisk med på lesinga og skrivinga til elevane. Ikkje berre i norsken, men i alle faga. Sjølv om prosjektfasen er over på skulane, arbeider lærarane vidare med alt dei har lært. Lars Bakka er sikker på at pro- sjektet har hatt ein positiv effekt på skrivedugleiken til elevane og seier han er imponert over inn- satsen til personalet ved skulen. Lærarane har fått kurs av kompetente fagfolk frå Høgskolen i Sør-Trøndelag og dei har retta saman med andre lærarar i prosjektet. – Mykje lettare å gi for 2. trinn no. Ho har vore med frå starten, og er glad og takksam for å hausta fruktene av skrive- prosjektet ved Sagvåg skule. – Arbeidet med skriveprosjek- tet hjelper oss å laga betre opp- gåver som er tilpassa føre målet med skrivinga. Me har erfart at utforminga av oppgåvene er viktig for å få gode svar. Arbeid med dei ulike skrivehandlingane gjer oss òg meir medvitne på kva elevane skal læra og korleis dei kan skriva for å læra, seier ho. No vurderer lærarane fleire sider av skrivinga til elevane i alle fag. (Sjå faktaboks) Dette gjer at det har blitt lettare å gi tilbake- meldingar, meiner ho. Elevane får meir konstruktive tilbakemeld- ingar og dei veit på førehand kva som blir vurdert. Rørande vakkert om vennskap Ta 100 steg og få ein venn av Erna Osland er ei strålande vakker og poetisk bok med korte forteljingar om vennskap. Korleis får ein seg ein venn? I Ta 100 steg og få ein venn er me fluger på veggen i det magiske første møtet mellom små menneske. Erna Osland viser nok ein gong den sjeldne evna ho har til å skriva frå stå staden til barn. Boka liknar poesi ved den effektive bruken av få setningar og ord som set lesaren i nye stemningar og lar oss bli kjend med dei ulike personane i kvar historie. Alt blir ikkje sagt rett ut, difor eignar boka seg godt som grunnlag for samtale med ungane. Boka kan eigna seg for høgtlesing i småskulen eller eigenlesing på mellomsteget. Skrifta er mellomstor, med korte, lettlesne setningar. Meldt av: Svein Olav B. Langåker Ta 100 steg og få ein venn BOKMELDING tilbakemeldingar til Alle nye lærarar ved skulen blir Rektor Lars Bakka er sikker på at elevane dratt med og får kurs i korleis dei prosjektet har hatt ein positiv effekt på skrivedugleiken til elevane. Hildegunn Sæbø Heimro er lærar jobbar. fbaargang2016 fbseksjonKIR