– Me har eit valdsamt stort ansvar for nynorsk i barnehagane Jostedal oppvekstsenter får merksemd for måten dei jobbar med nynorsk språkutvikling i barnehagen. SVEIN OLAV B. LANGÅKER – Innlæringa av språk fører ungane med seg vidare, seier pedagogisk leiar Anne Kristin Haugen Halveg i Jostedal barnehage. I barnehagen hennar er dei medvitne på å lesa nynorske bøker på nynorsk og bok- målsbøker på dialekt eller nynorsk. – Det er viktig at heile personalet er medvitne på kor stort ansvar me har for nynorsken, understrekar Haugen Halveg. I barnehagen bruker dei fokusord og dialogisk lesing for å få ungane til å reflek- tera over meininga i orda. – Ei bok er ikkje berre ei bok. Ho har mykje kunnskap og omgrep som det går an å snakka om, påpeikar Anne Kristin Haugen Halveg. fbaargang2016 fbseksjonKIR