kommuneEinkommuneEin Flora kommune tek sjølv hand om asylsøkjarane og flyktningane. Då går også overskotet tilbake til kommunekassa. For overskot blir det sjølv om flyktningane får tilbod om meir skule enn lova krev. Tekst: KARIN E. SVENDSEN Foto: LUDVIG SOLBERG N N esten tretten prosent av dei 12.000 innbyggjarane i Flora er innvandrarar. Dei fleste er arbeidsinnvandrarar, men over 40 prosent har flyktningbakgrunn. Sidan 1987 har kommunen teke imot og busett nesten 1400 flyktningar. Det kommunale føretaket Innvandrarsenteret i Florø er delt inn i tre einingar: asylmottak med 190 plassar, integreringsavdeling og vaksenopplæring. Treng fleire floraværingar – Me ynskjer at flyktningane skal trivast, klare seg sjølve og verte ein del av våre varige innbyggjarar, seier Arild Melvær, dagleg leiar av Innvandrarsenteret. Nesten halvparten av flyktningane vert buande i kommunen, eit tal Melvær meiner er ganske bra for ein distriktskommune. Når ein asylsøkjar får opphaldsløyve, blir han busett anten i Flora eller i ein annan kommune. I fjor vart 56 flyktningar busette i Flora etter avtale med staten. I tillegg fekk fem opphaldsløyve gjennom familiegjenforeining. Arild Melvær reknar med at talet vil vere omtrent like stort i 2016. 17 av flyktningane som kjem i år, kan vere mindreårige, einslege asylsøkjarar. Store pengar Alle statlege midlar som følgjer asylsøkjarane og flyktningane, går gjennom Innvandrarsenteret. Omsetnaden er på om lag 65 millionar kroner årleg. Etter at senteret hadde betalt nesten 12 millionar for kommunale tenester som til dømes barnevern, skule, omsorg, sosialhjelp, barnehage og helsetenester, sat dei i 2015 igjen med eit overskot på 6,4 millionar som dei overførte til kommunen. Melvær forklarer overskotet med lang historie og volum. – Av di me har busett flyktningar i mange år, har me no ein portefølje på 250 flyktningar som me får tilskot for. – Ein del av dei kostar meir enn me får i tilskot det første og andre året. Men med mange born, og vaksne som er ute i jobb før det har gått fem år, blir resultatet overskot. < Fagbladet 4/2016 < 33 fbaargang2016 fbseksjonKON