FOKUS Magnhild Folkvord Journalist og forfattar. 36 < Fagbladet 4/2016 Kan draumen om å vera fri reknast om i tid, arbeidstid og fritid? Og kor mange av timane i døgnet må du ha kontroll over for å kjenna deg fri? Om det spørsmålet blir litt for stort, kan du tenkja deg at eit par timar meir fritid aukar opplevinga av fridom, gir deg eit betre liv? Dei fleste av oss er avhengige av å ha ein jobb for å tena det vi treng for å leva, og for dei aller fleste vil det seia at vi sel arbeidskrafta vår til ein arbeidsgivar som «gir» oss arbeid – og får sin del av fortenesta av det arbeidet vi gjer. Eit grunnleggjande spørsmål for fagrørsla har så lenge den har eksistert, vore å få til avtalar som set grenser for kor mange timar om dagen det skal vera nødvendig å selja arbeidskrafta si for å få ei lønn å leva av. Kravet om at normalarbeidsdagen måtte reduserast til åtte timar går tilbake til 1889. Her til lands fekk ein stor del av dei som har regulert arbeidstid åttetimarsdag for snart hundre år sia, frå og med 1919, somme litt tidlegare, og andre seinare. Sia 1987 har dei fleste med regulert arbeidstid hatt 7,5 timars dag. Men det betyr sjeldan at jobben tar berre sju og ein halv time av døgnet ditt. Er du heldig, bruker du kanskje berre ti eller femten minutt to gonger om dagen for å komma til «Æ drømme om å være fri i lag med alle folkan som æ like …» Det gjer godt å syngja Ellinors vise, vi er mange som deler draumen om å vera fri, sjølv om vi kan tenkja ulikt om kva som skal til for at det skal «bli like fint å jobbe som å danse». Draumar om tid du i liten huset er og kor «Sekstimarsdag betyr ikkje grad mange som kontroll mindre arbeid, men mindre kan dela på over den det som må/ lønnsarbeid, meir fridom.» og frå jobb. Er du så heldig at du kan gå eller sykla til og frå jobben, får du litt mosjon med det same. Men for mange er reisetida, kanskje ein time kvar veg, meir daudtid. Somme kan sitja med pc-en eller nettbrettet på tog eller buss og jobba eller «vera sosial» på nettet undervegs til jobben. Andre heng i ein stropp på bussen eller sit og køyrer i ein bilkø. Uansett kor mykje eller lite du synest du får ut av reisetida, så har tida du må bruka for å komma til og frå jobben. Legg du saman reisetid og arbeidstid, og kanskje dei minutta du bruker for å gjera deg i stand før du er klar til å gå ut av døra, kan det for mange bli ti timar eller meir. Da har du fjorten timar att av døgnet, og minst halvparten av den tida bør du bruka til å sova, og helst også meir tid til å eta enn det du bruker på å hiva innpå litt kjappmat av og til. Kanskje vil du også gjerne ha tid til å laga maten? Så langt har vi eit reknestykke basert på ein vaksen person. Alle som har eller har hatt ungar, veit at tidskabalen blir heilt annleis når det er ungar som skal leverast og/ eller hentast i barnehage, følgjast til skole, eller iallfall få litt hjelp til å komma seg i veg til rett tid. For ikkje å snakka om at dei som er foreldre, helst skal ha tid til å vera i lag med ungane utan å vera nøydd til å følgja med på klokka heile tida. Kor mykje tid som går til husarbeid og liknande, avheng sjølvsagt av kor stort bør gjerast. Det finst ingen fasit for kor mykje tid som blir att når alle «må-tinga» er gjort. I periodar av livet kan det opplevast som om ein har negativ saldo på tidskontoen. På dei nesten hundre åra sia åttetimarsdagen vart innført, har det skjedd store og dramatiske endrin- gar i arbeidslivet. Kvar arbeidstakar er mange gonger så produktiv som dei som levde for hundre år sia. Gir det meining at folk skal bruka meir enn åtte timar kvar dag for å kunna ha ein vanleg jobb? Det var ikkje dette Ellinor drøymde om. Når tok du deg sist tid fbaargang2016 fbseksjonKON