Christian Wiik Gjerde har du sikkert sett på NRK Super. No kjem han med barnebok. Foto: Christian Raabe/ Samlaget Christian Wiik Gjerde har du sikkert sett på NRK Super. No kjem han med barnebok. Foto: Christian Raabe/ Samlaget -Eg har fått mitt første fanbrev Tidlegare NRK Super-profil og lærar Christian Wiik Gjerde er aktuell med si første bok. AV ANDREA RYGG NØTTVEIT – Eg har fått mitt første fanbrev – frå bokormen Anna (10). Eg vart så stolt at eg nesten byrja grine, smilar Christian Wiik Gjerde. Han dreg fram ein knust mobiltelefon og les opp: «Jeg håper at du snart lager en lignende bok av denne typen.» I desse dagar debuterer barneskule- læraren, som tidlegare har jobba som journalist i NRK Super, som forfattar. Det er skummelt å gje ut si første bok, men fleire ting peikar i riktig retning for debutanten. Allereie før lanseringa vart boka bestilt i eit nytt opplag. I tillegg er boka selt til Tyskland – der ho skal gjevast ut på det sjølvstendige forlaget Gerstenberg. Motvillig moral I debutromanen Jakta på firkløveren skildrar Wiik Gjerde eit lite øysamfunn der unge og gamle lever i skjønn harmoni – ikkje ulikt sin eigen oppvekst på Søre Sunnmøre. Hovudpersonen Alvar er ni år og bruker sommarferien på å snike seg unna fele- spelinga, for å leike med bestekameraten Jens på Gulløya. Her har dei grineklubb og badar med den gamle bestemorskikkelsen Gulla. Gutane gler seg til å få nye naboar, men når byguten Magnus kjem, endrar alt seg. – Moralen i boka er at ein ikkje skal vere redd for alt det nye, forklarar Christian. Seinare angrar han litt på at han sa dette med moral. Det er fint om lesaren sjølv klarer å finne moralen undervegs. Målet er først og fremst å gleda lesaren – og så kan moralen kome i tillegg. Strikkejakke og fiseklubb Framtida.no møter den spente debutan- ten på ein kafé i Torggata. Trestolen han fbaargang2016 fbseksjonKIR