hjelp. Det kommunale føretaket Innvandrarsenteret i Florø er delt inn i tre einingar: asylmottak med 190 plassar, integreringsavdeling og vaksenopplæring. Alle statlege midlar som følgjer asylsøkjarane og flyktningane, går gjennom Innvandrarsenteret. Omsetnaden er på om lag 65 millionar kroner årleg. Etter at senteret hadde betalt nesten 12 millionar for kommunale tenester som til dømes barnehage, skule og helsetenester, sat dei i 2015 igjen med eit overskot på 6,4 millionar som dei overførte til kommunen. Vaksne flyktningar som blir busette, skal gjennom eit obligatorisk introduksjonsprogram på normalt to år. Den viktigaste delen av programmet er norskkurs med samfunnsfag. Innvandrarsenteret i Flora «Me ynskjer at flyktningane skal trivast, klare seg sjølve og bli ein del av våre varige innbyggjarar» Arild Melvær, dagleg leiar av Innvandrarsenteret Fagbladet 5/2016 < 31 – Innvandrarsenteret har lang erfaring og høg kompetanse. Dessutan er næringslivet og kommunen open for å gje språkpraksisplassar, seier han. Nygård er sjølv dagleg leiar av ein liten bedrift med ni tilsette, og dei har ofte inne innvandrarar som treng språk- og arbeidspraksis. Varaordføraren meiner det er ein stor fordel at Innvandrarsenteret vert driven som eit kommunalt føretak. – Det gjev oss betre styring slik at me kan bruke pengane på kommunale tenester ettersom behova endrar seg. Viss det til dømes er mange spedbarn blant innvandrarane, bruker me meir på helsestasjonen, eller vi set inn ekstra ressursar til assistentar i skulen dersom mange skuleborn har innvandrarbakgrunn. tilbyr fleire timar i mindre grupper enn det norsktilskotet finansierer. Dei tilbyr også grunnskuleundervisning i andre fag til flyktningar med liten skule gang, sjølv om dei ikkje får stat- lege tilskott til dette. Nyttar pengane der det trengst Jan Henrik Nygård, varaordførar frå Venstre, meiner flyktningane som kjem til Flora, blir teke hand om på ein særs god måte. GODT INTEGRERT: Kalaivani Vithiyananthan kom til Norge på familie-foreining. No har ho fagbrev i reinhald og har slått rot saman med familien. fbaargang2016 fbseksjonSAM