FOKUS Anne-Mari Samskott Rådgjevar i Fagforbundet, Seksjon samferdsel og teknisk. Reinhald som yrke har utvikla seg enormt på eit par tiår. Fyrst i 1994 vart reinhald akseptert som eige fag. I dag kan ein gjere karriere som reinhaldar, og ta fleire utdanningar som fagbrev, fagskule, bachelor- eller doktorgrad. Reinhald og robotarpå full fart inn i framtida Nora Johanne Klungseth, som har fagbrev som reinhaldsoperatør og doktorgrad i arkitektur frå NTNU, skriv i avhandlinga si at reinhald kan definerast som yrke sidan slutten av 1800-talet. På denne tida kan ein sjå spor etter etablering av fagforeiningar, som blei danna av kvinner som jobba som reinhaldarar i kommunale bygg. Reinhald har vore eit yrke dominert av kvinner, og eit fag som har vore neglisjert av forskingsmiljøa. Den manglande interessa for faget førte til at metodane som vart nytta, var tungvinte for personalet, og øydeleggjande for golva. I 2000 kom reinhaldsstandarden INSTA800. Standarden er eit måleverktøy som gjer at ein kan ha same referanseverk og vurdere kvalitet på reinhaldsarbeidet på same måte. Fagforbundet har vore ein pådrivar og bidragsytar for å ta i bruk og utvikle standarden, saman med blant anna arbeidsgjevarorganisasjonar og reinhaldsverksemder. I Danmark har Odense kommune vald å ta i bruk robotstøvsugarar ved alle omsorgssenter i kommunen, skriv Renholdsnytt i utgåve 1, 2016. Robotstøvsugarar kan vere eit godt supplement og vedlikehaldsverktøy, men kan ikkje erstatte vanlege støvsugarar. For reinhaldaren kan det bety at belastninga blir mindre ved at ein reduserer støvsuging under senger eller andre møblar. Nettbrett vert eit stadig vanlegare verktøy for reinhaldarane i dag. Nettbrettet er gjerne montert på vogna som reinhaldaren nyttar. Ulike system som er utarbeida, gjer at ein på nettbrettet kan sjå kva område ein har ansvar for å reingjere den aktuelle dagen. Ved bruken av eit rom er endra eller det er andre grunnar til at reinhaldaren ikkje får utført arbeidet. Nanoteknologi og ATP er to andre omgrep som har gjort sitt inntog i reinhaldsfaget. ATP-målingar har vore gjennomført ved Haukeland Universitetssjukehus. Det er ei måling der ein tek prøver av utvalde kontaktpunkt som viser kor mykje organisk materiale det finst på eit punkt. Ein kan på den måten arbeide meir «Robotstøvsugarar kan målretta mot område som vere eit godt supplement og viser høge verdiar. Nanoteknologi finst til vedlikehaldsverktøy, men dømes i mikrofiberkluter. kan ikkje erstatte vanlege Ein mikrofiberklut er i støvsugarar.» endringar i arbeidsplanen kan ein sende ei melding til leiaren sin og gje beskjed om dette. Brukar ein lengre tid enn planlagt, kan reinhaldsoperatøren dokumentere kvifor ved å ta eit bilete eller skrive kva ein har gjort. Ein kan enkelt dokumentere utført smitte- eller akuttreinhald ved å ta bilete av til dømes blodsøl eller ekskrement. På nettbrettet kan ein og skrive ei melding i avvikssystemet viss stand til å gjere overflatar reine utan bruk av kjemika liar, skriv forskar Steinar Nilsen. Utvikling av, og informasjon om slike produkt, vil kunne lette arbeidskvardagen til reinhaldsoperatøren, og forhåpentlegvis redusere bruk av reingjeringsspray. Det er godt dokumentert at bruk av slik spray kan vere helseskadeleg, og aukar faren for å utvikle astma og kols. Utvikling og bruk av reinhaldsteknologi vil utvilsamt lette arbeidet i ein bransje som har vore prega av 36 < Fagbladet 6/2016 fbaargang2016 fbseksjonSAM