30 ~ FAGBLADET | 8 | 2016 | E in dag i året vrimlar det av folk og fe i den store hagen på Nome sjukeheim. Det er når dei tilsette arrangerer Mini-Dyrsku’n. Bønder og andre dyreeigarar kjem til sjukeheimen for å låne bort eitt eller fleire dyr. Elevane frå Vg2 helsearbeidarfag nytta dagen til å assistere pleiarane. EIN SPESIELL DAG Den vesle kalven er tjora til eit frukttre. Ein ponni står attmed eit anna tre, medan den svære, svarte grisen luskar fritt omkring. Det gjer også hønene. Geitekillingen Slikkepott sprett opp på eit bord, og ei vaksen geit hoppar opp for å knaske blad frå plommetreet. Saman med kaninar og marsvin er dei alle med på å skape liv og røre. Ikkje berre dei gamle, men også elevane frå vidaregåande og barnehageborna morar seg over dyra. Heilt til kalven har surra seg fast og treng hjelp for å komme fri. Ein hjelpepleiar spring bort, i farta fortel ho at ho er gamal budeie, og kalvekroppen er snart fri. VERDT PRISEN Oddrun Nilsen og Kari Lie er to av eldsjelene som sidan 2010 har vore med på å arrangere Mini-Dyrsku’n på Nome sjukeheim. At barnehagen kjem på besøk er mest like viktig som dyra. – Dyr og born verkar som medisin for folk med demens, meiner dei. Pleiarane investerer masse energi i planlegging og praktisk arbeid for å få til ein slik dag. Løna som gjer det vel verdt, er at dei gamle livnar til. – Vi ser at dei lyser opp. Og nokre av dei hugsar dyrsku’n frå år til år. Det varmar også at bønder, midt i travlaste innhaustinga, tek seg tid til å komme med dyra. Dessutan er det morosamt at tiltaket er blitt så populært i bygda at mange utanfrå kjem innom. DYRSKU I BYEN Dei to pleiarane meiner mest alle sjukeheimar kan ta til seg ideen om dyrsku og gjennomføre ein liknande dag. Dei einaste som må til, er eit lite uteområde og nokre dyr. Ikkje berre på landsbygda, men også i byane er det mogleg, meiner dei. – Dei fleste bebuarane har hatt dyr, eller dei har kjent nokon som har dyr, seier Oddrun Nilsen. – På alle sjukeheimar arbeider folk som sjølv har eller som kjenner nokon som har ein hund, ein katt eller eit marsvin, meiner Kari Lie. * – Dyr er som medisin for folk med demens Når dei gamle ikkje lenger kan reise på dyrsku’n i Seljord, kjem bøndene med dyra til sjukeheimen. TEKST KARIN E. SVENDSEN FOTO ERIK M. SUNDT PÅ JOBB / DYRSKU PÅ SJUKEHEIMEN Dei fleste bebuarane har hatt dyr, eller dei har kjent nokon som har dyr. ODDRUN NILSEN fbaargang2016 fbseksjonFEL