I tillegg til at Miljøgruppa tek ansvar for felles aktivitetar, prøver dei også å dra med seg kollegaer slik at alle tør å ta initiativ når det trengs. – Viss me ser at nokon sit og kjedar seg, då skal vi vere der med eit tilbod, meiner Monica Nordahl Pedersen. Når ein av bebuarane treng stimuli, kan dei tilsette gripe til permen Miljøgruppa har laga for å samle gode idear. Her finn dei tips om trim, leikar, songar og hovudbry. Som trim av hovudet er quiz vorte særs populært. Også for dei tilsette kan leiken by på overraskingar; som den gongen det vart spurt om kva ei kvige er for noko. «Ei ugift ku», svarte ein av deltakarane. INGEN MÅ PÅ DO Alle som er med i Miljøgruppa, er samde om at det er moro å førebu og gjennomføre aktivitetar. Difor kjem dei på dugnad når dei har fri. Dei ser også ein stor fordel i at dei alle har fått utvida nettverket sitt på jobben. Men det er jo ikkje for si eiga skuld dei driv på. Det er først og fremst for å skape gode stunder for bebuarane. – Å få oppleve noko moro varmar sjela. Me ser at dei verkeleg koser seg – og ingen må på do når dei er engasjerte, seier Monica Nordahl Pedersen. Hjelpepleiaren og dei andre i gruppa tenkjer mykje på korleis dei sjølv ønskjer å ha det når dei blir gamle. – For meg er det ei rettesnor. JOBB / AKTIVITET PÅ SJUKEHEIMEN KVALIFISERTE FOR Å SKAPE LIV Heile 12 av dei tilsette på Nome sjukeheim har teke Demensomsorgens ABC, eit kurs utarbeidd ved Nasjonalt kompetansetjeneste for aldring og helse. Deretter heldt dei fram med oppfølgingskurset Miljøbehandling. Slik skaffa dei seg kunnskap om vanlege sjukdommar blant bebuarar på sjukeheimar. Dei fekk også kompetanse på å drive med aktivitetar som passar for den einskilde bebuar. Kursa tok dei over to år, delvis i arbeidstida og delvis på fritida. FORSKJELL PÅ FOLK: - Det er viktig at eg veit kva som interesserer bebuarane, seier Merethe Huseby. Saman med Karen Throntveit finn ho gjerne fram strikketøyet. UT PÅ TUR: Linda Berg Ihlen (bak), Grethe Lona og Marie Jane Simonsen kan ta med bebuarar på sykkeltur etter at Miljøgruppa samla inn over 100.000 kroner så sjukeheimen kunne kjøpe to elektriske syklar. GODT KAST: Hans Jørgen Aandal har dreisen på ringane. Gladdy Omtvedt og Ruth Halvorsen er like spente på kor ringen skal treffe. 16 ~ FAGBLADET | 4 | 2017 | fbaargang2017 fbseksjonpdf