| 2016 | 04 | FAGBLADET ~ 5 MI FANESAK: | ORANSJE SKJERF NAMN: Grete Lund ALDER: 45 år JOBB: Helsefagarbeidar på Orkdal helsetun og driv eigen massasjebedrift. FAMILIE: Sambuar, to vaksne barn, to bonusbarn, eitt barnebarn. TEKST: KARIN E. SVENDSEN FOTO: LENA KNUTLI Kva er di fanesak? – Eg strikkar oransje skjerf for Kirkens bymisjon. Det begynte eg med i fjor då eg såg masse oransje garn i ein strikkebutikk. Eg fekk vite at ho som driv butikken, rekrutterer kundar til å strikke skjerf for kampanjen Gled ein ven som gruer seg til jul. Kvart år arrangerer Kirkens bymisjon denne kampanjen for å auke toleransen og inkluderinga av bustadslause og andre som fell utanfor. Tusenvis av strikkeglade menneske engasjerer seg og strikkar eitt eller fleire skjerf. Og 1. november pyntar Kirkens bymisjon lyktestolpar over heile landet med oransje skjerf. Grete Lund tente på ideen og drog med vener og familie til strikkebutikken – både for å kjøpe garn og for å strikke – anten heime eller saman med andre i butikken. – Eg håper å få med endå fleire i år, seier ho. Og ikkje minst håper ho at fjorårets rekord på 15.000 skjerf blir slått. Kva er det som driv deg? – Før arbeidde eg med rus og psykiatri, og eg er veldig oppteken av at vi må skape eit varmare samfunn der alle menneske blir verdsette. Kva betyr din innsats for Kirkens bymisjon i den store samanhengen? – Eg kan ikkje gjere så mykje åleine, men viss alle gjer litt, kan vi hjelpe mange. EG ØNSKJER EIT VARMARE SAMFUNN fbaargang2017 fbseksjonFEL