64 ~ FAGBLADET | 8 | 2017 | E-POST: DEBATT@FAGBLADET.NO SPRÅKPOLITIKK Språk er makt Fagforbundet er det suverent største LO- forbundet i landet og Fagbladet difor truleg og det mest lesne fagbladet. Fagforbundet sin medlemsbasis og virkefelt er kommunesektoren. Kommunesektoren er kjempestor, vedkjem alle og forvaltar enorme offentlege ressursar på vegne av oss alle. Dette skjer gjennom folkevalde styrte institusjonar og organ: kommunane, fylkeskommunane inkludert vidaregåande skular, ambulansetenester, kommunesamarbeid av ulike slag som kommunale og interkommunale selskapsdanningar av ulik valør. I landet er det to likestilte norske språk; bokmål og nynorsk. Pr. dato er 113 av dei norske kommunane og 4 av fylka med i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Om det og er nynorskkommunar som ikkje er med i LNK, veit eg ikkje. Faglaga er primært til for å ivareta medlemene sin rettar, men og legga til rette for at folk skal vera best mogeleg skikka til å gjera ein god jobb for fellesskapet. Godt og klart språk på jobben er eit slikt element. I realiteten er det slik bokmålet har ei dominerande stilling og som vi alle dusjar i dagleg. Bruk av nynorsk i det offentlege rommet er ein språkleg rett og er i dag langt meir eit identitetsmerke og eit kulturpolitisk standpunkt som går ut over det å forstå/ ikkje forstå. Dei tilsette i nynorskkommunane skal bruka nynorsk enten dei vil eller ikkje, slik tilsette i bokmålskommunane må bruke bokmål. I tillegg kjem dei språknøytrale kommunane. Eg reknar det er i eit fagforbund si interesse å medverka til at medlemene skal verta habile og fagleg kompetente. Godt språk skriftleg er ein grunnkompetanse enten ein skriv med blyant, penn eller på skjerm. Det er mange i kommunenorge som treng å utrykka seg på nynorsk i jobbsamanheng. Dette er og personar som treng støtte og føredøme gjennom redaksjonelt fagstoff på nynorsk i form av artiklar, reportasjar, portrettintervju, faste spalter m.m. Nynorskbrukarane i kommunenorge treng språkleg stød og gode føredøme i tidsaktuelle tekstar som speglar deira kvardag. Det har vore total mangelvare i Fagbladet over lang tid . Det einaste unntaket i mange nummer på rad er ein ein og eit eit i kryssordet under stikkordet ! Derfor var det særskilt gledeleg, oppmuntrande og løfterikt at det i nummer 5 var ein flott og frisk reportasje frå Lustrabadet med gode bilete og velskriven tekst – på nynorsk! Takk og takk . Slike reportasjar vil vi ha meir av – og sleng gjerne på ei fast spalte på nynorsk og! Fagbladet har eit ansvar for å ivareta språkleg mangfald og språklege rettar og plikter hos medlemene sine. Då kan de ikkje lenger neglisjera alle dei medlemene som har trong for stød og føredøme og har behov for å uttrykka seg godt og klart på nynorsk som offentlege tilsette. Elles viser eg til LOkongressen sitt offensive vedtak om å arbeida for reell språkleg likestilling, noko som må gi seg utslag i praksisen til landet sitt største LO-forbund – og som i tillegg har svært mange medlemer som treng å uttrykka seg skriftleg på god og moderne nynorsk i yrkeslivet sitt. Harald Jordal, Odda, medlem sidan 1977 FOTO: COLOURBOX fbaargang2017 fbseksjonFEL