10 ~ FAGBLADET | 9 | 2017 | på Lunsj menyen PÅ JOBB / MAT OG ELDRE Ei pirrande lukt med lovnad om god mat brer seg på det vesle kjøkenet på avdeling 1 ved Gaupne omsorgssenter. Rykande heit fiskesuppe og rundstykke er på veg til Birger Moene, og han smiler nøgd. Den varme lunsjen midt på dagen fell kortidspasienten i smak på meir enn ein måte. – Dette er heilt topp og passar meg mykje betre, seier Moene om den nyinnførte lunsjen klokka 13. Lunsjmenyen består av suppe, som i Over 35 prosent av sjukeheimsbebuarar står i fare for å utvikle underernæring, seier statistikken. I Luster har dei innført lunsj og seinare middag i håp om at pasientane skal ete meir og betre. TEKST: CAMILLA ØVREBØ ONDRCKOVA FOTO: EIVIND SENNESET dag, andre dagar kan det vera ulike typar graut eller eit tradisjonelt brødmåltid med litt ekstra godt pålegg. I februar la nemleg omsorgssenteret i Sogn og Fjordane om måltidrytmen. Før var det middagen som vart servert klokka 13, no kjem den på bordet klokka 15.30. Men til gjengjeld er det innført lunsj mellom frukost og middag. INNFØRTE LUNSJ – SEINARE MIDDAG Måltidsrytmen var ein av grunnane til at leiinga ved Gaupne omsorgssenter bestemte seg for å fbaargang2017 fbseksjonFEL