| 2017 | 9 | FAGBLADET ~ 13 utsett for å verta underernært. Førekomsten av underernæring blant desse gruppene varierer mellom 10 og 60 prosent, avhengig av kva metode som er brukt. Blant anna viser ei norsk studie frå 2013 at over 35 prosent av dei undersøkte sjukeheimsbebuarene vart klassifisert i middels eller høg risiko for underernæring, og 21 prosent av pasientane var alt undervektige. Dette er kjøkkensjefen smerteleg klar over. – Underernæring blant pasientar er ei utfordring, seier Heltne, som meinar at pasientane får ei mykje meir jamn måltidsrytme slik måltida vert lagt opp no. Kjøkkensjefen ynskte og å få inn eitt til næringsrikt måltid i løpet av dagen, i staden for den tidlegare kaffien med eit kakestykkje som vart servert klokka 16 mellom middag klokka 13 og kveldsmat klokka 18.30. – Me ynskte å tona ned kaffimat-måltidet, og heller få inn ein lunsj. Før kunne pasientane eta seg mette på kaker som vart servert med ettermiddagskaffien, no vert det meir ordentleg mat i løpet av heile dagen, seier Heltne, som er spent på å sjå effekten på vekta til pasientane. GODT MOTTEKE BLANT DEI TILSETTE Sandvik fortel at endringa har vorte teke godt imot av dei tilsette. Pleiarane rapporterer at det har vorte rolegare rundt middagsbordet, og at det har hatt positiv innflytelse på pasientar som slit med matlysta. – Ein anna konsekvens av den endra måltidsrytmen, er at pasientane får lengre tid på aktivitetsstova, og dei tilsette har betre tid på formiddagen. Omsorgsenteret har ei eiga aktivitetsstove med tilbod om ulike aktivitetar, som til dømes håndarbeid. Denne er open frå 10 til 15. Ettermiddagsvaktene derimot er naturleg nok vorte travlare for dei tilsette. Som følgje av dette valde leiinga å endre turnusen. Dei har innført ei mellomvakt som går frå klokka 09.30 til 17.00, mellom anna for å klare å servere middag til utebuande brukarar i kantina på omsorgssenteret. – Personalet har vore veldig flinke og positive, men det er sjølvsagt ting som må justerast etter kvart, seier Henriette Sandvik. Inne på avdeling 1 får leiarane støtte frå sjukepleiar Asborg Leirdal Kjærvik. – Me har fått betre tid på dagtid til andre ting, og dagen er vorte mindre stressande, meiner ho. IKKJE ALLE ER LIKE NØGDE Men rundt eit bord inne på ei anna stove sit det fire karar frå den litt eldre garde, som ikkje er udelt positive til omlegginga: – Eg tykkjer ikkje noko om det. Eg tykkjer det kan vere som det var før, seier Johan Moene. Den tidlegare bonden ynskjer seg tidleg middag og kaffikos klokka 16. For dei andre herremennene er det ikkje like viktig. Men ein ting er alle me snakkar med einige om: Sjølve maten – om den vert servert klokka 13 eller klokka 15.30. – Eg er voldsomt glad i mat, og maten her er god, so eg har det godt, oppsummerer Birger Moene og skrapar ei siste skei med suppe opp av tallerkenen. * SUNNARE: Kjøkkensjef Svein Tore Heltne meinar pasientane får ein betre måltidsrytme med innføring av lunsj midt på dagen og middag klokka 15.30. FORNØGDE: Fagleiar ved Gaupne Omsorgssenter Henriette Sandvik (t.v.) og einingsleiar Tone Kjærvik Kveane er særs nøgde med den nye måltidsstrukturen. Nokre pasientar rakk ikkje å verta svoltne mellom måltida. KJØKKENSJEF SVEN TORE HELTNE fbaargang2017 fbseksjonFEL