74 ~ FAGBLADET | 9 | 2017 | PÅ VEG TIL HEILTID: Elin Refsnæs, Ingrid Aune og Line Johnsen har ei felles hjartesak i fulle, faste stillingar. – Dei som arbeider deltid har aldri heilt fri, seier Line Johnsen. Etter at Ingrid Aune byrja som ordførar, arrangerte kommunen tre samlingar for heile leiinga i kommunen. Tema var sjukefråver, trepartssamarbeid og heiltidskultur. – Politikarane i Malvik er no samde i målet om meir heiltid – mellom anna fordi det vil betre kvaliteten på tenestene, seier ho. Da tillitsvalde og politikarar bestemte seg for å gå laus på deltidsuhyret, la dei hovuda i blaut. Resultatet vart ein stillingsbank der alle tilsette kunne leggje inn opplysningar om kor stor stilling dei hadde, og kor mykje dei ønskte å arbeide. Når kommunen lyser ut ei ny stilling, sjekkar personalavdelinga alltid om nokon i stillingsbanken passar. Til no har 45 tilsette sendt inn ønske om full stilling. 14 har fått oppfylt ønsket, medan seks har fått noko høgare stilling. INGA ENKEL LØYSING Line Johnsen og Ingrid Aune er samde om at det er svært vanskeleg å skaffe full stilling til alle i pleie- og omsorgssektoren. Ikkje nok med at helgearbeid er ei utfordring. I Malvik har dei eit ekstraproblem fordi kommunen i mange år har nytta korte vakter. – Ei anna side ved saka er at mange tilsette ikkje kan eller vil arbeide full tid, seier Line Johnsen. Andre vil ikkje arbeide fleire stader. Grunnane til deltid er komplekse. Derfor finst det heller inga enkel løysing. – Det einaste som er sikkert i dette arbeidet, er at du treng mykje tolmod, seier Fagforbundets leiar i Malvik. FULL STILLING ETTER 25 ÅR Tolmodet til Alma Fossen (55) var nær ved å ta slutt da ho etter 25 år i pleie- og omsorgstenesta endeleg fekk full stilling i april i år. Tre månader før hadde ho kjøpt sin første bolig. Før det leigde ho. – Eg har alltid tatt ekstravakter og derfor arbeidd full tid, så eg tener ikkje meir no. Men eg veit når eg har fri, seier ho. Alma seier at det ikkje har vore lett å få full stilling, og at ho føler ho har ført kampen aleine. – Men no slepp eg endelig å jakte på ledige vakter, og kan senke skuldrene. MELLOM OSS / HEILTID I MALVIK fbaargang2017 fbseksjonFEL