| 2017 | 9 | FAGBLADET ~ 75 • Bruk arbeidsmiljølova § 14-4 som seier at hovudregelen er at tilsette har rett til ei stilling som svarer til det dei faktisk har jobba dei siste tolv månadene. • Slå saman små stillingar. • Stillingsbank med oversikt over kor mykje dei tilsette arbeider og kor mykje dei ønskjer å arbeide. • Trepartssamarbeid: Fagforbundet i Malvik samarbeider med politikarane og administrasjonen for å nå felles mål. I mange kommunar er også Utdanningsforbundet og Sjukepleiarforbundet involverte. • Tillitsvalde, politikarar og personalkontoret møtast ofte for å sjå på utviklinga og moglegheitene for å auke stillingsandelane. Slik blir det meir heiltid Nokre av vaktene på turnusen til Alma Fossen har vore flytande etter at ho begynte å arbeide 100 prosent. Da møter ho opp på heimesjukepleia og tar vakta der det er mangel på folk, anten inne på omsorgsbustadene med hardt golv og lite pause, eller i den meir tradisjonelle delen av heimeteneste; med bilturar mellom besøk heime hos folk. Dømet Alma viser at heller ikkje i Malvik er alt fryd og gammen: Viss ho kunne ha arbeidd meir i omsorgsbustadene, hadde ho kanskje fått full stilling tidlegare. – Men på grunn av ein skade i akilleshælen kan eg ikkje det, seier ho. Ho kan rett og slett ikkje ta mange vakter der ho må gå opptil 10.000 skritt på betonggolv. Ho er heilt sikker på at det ville ha enda med sjukemelding. ULIK FORSTÅING AV KVA SOM ER FRIVILLIG Når ein tilsett ikkje tek imot det tilbodet han eller ho får, reknar arbeidsgjevar den tilsette som frivillig deltidsarbeid. Uavhengig av kvifor den tilsette takkar nei. Dette har gjort Alma temmeleg oppgitt. Heller ikkje Fagforbundsleiaren er nøgd med denne måten å definere frivillig deltid på. Dei meiner det blir for enkelt for arbeidsgjevar å definere alle som ikkje takkar ja til eitkvart tilbod, som frivillig deltidstilsette. – Vi vil gjerne bli samde om ein definisjon. Det må vere avgjerande om den tilsette sjølv meiner det er frivillig deltid eller ikkje, meiner Line Johnsen. * PÅ LAG: Ordførar Ingrid Aunevil gjerne ha meir fart i arbeidet for hele stillingar. IKKJE FRIVILLIG: Alma Fossen var delvis arbeidslaus. Men arbeidsgjevar definerte henne som frivillig deltidsarbeidar. fbaargang2017 fbseksjonFEL