– Fleire av pasientane våre er framleis klåre. Men også nokre av pasientane på demensavdelinga kan vere med på ein slik diskusjon, hevdar Hauglum. – Menneske med demens er ikkje umyndige, og dei kan ha overraskande god innsikt dersom du snakkar med dei på rette måten og til rett tid. Det etiske problemet med å ta i bruk eit elek- tronisk hjelpemiddel dukkar opp når pasienten er så mentalt svekka at han ikkje kan hengje med på ein slik diskusjon. – Då diskuterer vi saka med dei pårørande. Sjølv om både pasientar og mange pårø- rande er gamle og ikkje vande med elektroniske hjelpemiddel, er dei vanlegvis positive til tiltak som kan hjelpe pasienten. Låste dører På Vetleflaten låser dei ikkje dørene til gruppene (avdelingane). Heller ikkje ytterdøra er låst på dag- tid. Personalet vurderer alle andre tiltak før dei låser ei dør. – Låste dører er ei dårleg løysing, meiner Hau- glum, og trur nok at personalet ved ein del institu- sjonar kunne hatt ei meir medviten haldning til å stengje pasientar inne. – Eg trur utferdstrongen blir sterkare dersom eit menneske som ynskjer å komme ut, møter ei låst dør. Dei blir meir urolege, og bruken av beroligande middel kan ta seg opp. Eg skjøner at ein må låse ei dør i svært kritiske situasjonar, men etter fire år her, har vi enno ikkje valt denne løysinga. Hauglum kan fortelje at dei, i samråd med pasi- ent, no for fyrste gong har bestemt at vedkomande skal bere ei brikke slik at pleiarane får signal der- som han er på veg ut. – Han er rask til beins og liker å gå lange turar. Vi har prøvd å gjere avtaler med han, men korkje 24 YRKESETIKK temahefte-02