KOMMENTAR
Berre
ein
liten
blome
Helsepersonell har teke på seg ei krevjande rolle i
jobben med å gje pasientar og hjelpetrengande best
mogeleg medisinsk oppfølging og omsorg.
Både forsking og mange konkrete røynsle syner
at det ikkje er så vanskeleg som vi trur, å få til
kreativ omsorg. Ofte er det lite som skal til, men
resultatet er stort.
Målet med dette temaheftet er å inspirere til ulike
aktivitetar, og ikkje minst ønskjer vi at leiinga på
institusjonar innan helse og eldreomsorg kan legge
til rette for kreative idear og handlingar frå dei til
sette. Vi treng oppegåande leiarar som er tydelige på
at etiske verdiar veg like tungt som økonomiske.
Ein treng ikkje vere kunstnar eller musikar for å gje
arbeidet med eldre eller fysisk-og psykisk sjuke eit
løft i kvardagen. Mest handlar det om å møte den
andre der ho er. Søren Kierkegaard sa det slik:
«At man naar det i Sandhet skal lykkes En at føre et
Menneske hen til et bestemt sted, først og fremst
maa passe paa at finde ham der, hvor han er, og
begynne der.»
På institusjonar med ambisjonar om å sjå og legge
til rette for heile menneske er det oppnådd gode
resultat gjennom enkle tiltak. Når menneske med
demens får høyre den musikken dei likar, vert dei
både trygge og rolige. Folk med psykiske lidingar
har fått eit nytt liv gjennom terapiformer som nyttar
maling, song, musikk eller drama. Eldre på sjukeheimar
og eldresenter har fått eit meir stimulerande og
sosialt liv gjennom danse-og kulturtilstellingar.
Psykodrama, kunst-og uttrykksterapi og musikkterapi
er i ferd med å verte viktige metodar både i
helsevesenet og i eldreomsorga. Desse profesjonane
gjev viktig inspirasjon, men det viktigaste er kva
den einskilde helsearbeidar gjer og kva dei overordna
legg til rette for.
Kreativ omsorg treng ikkje vere så krevjande. Det er
berre ein måte å tenkje på.
Kva er det den einskilde har bruk for?
Kva er det eg og kollegaene mine kan finne på?
Det å ta med ein blome frå hagen og setje på nattbordet
til Nils, kan vere ei stor gåve. Karen likar å
bli lest for frå lokalavisa, og Jens elskar å danse.
Alle er kreative, og dei fleste kan mykje dei ikkje har
fått brukt i sin tradisjonelle og travle arbeidskvardag.
Om ein berre kunne lyfte hovudet over rutinar og
stressande kav, kunne det føre til store endringar for
dei tilsette sitt arbeidsmiljø og ikkje minst eit betre
livsinnhald for dei som treng omsorga.
Kva er din ide?
Johnny
Daugstad
KREATIV
OMSORG
3
temahefte-06