FAgLIg INNspILL
Andreas Hompland er
sosiolog og journalist.
Han var med medlem av
det regjeringsoppnevnte
stålsett-utvalget som
utredet statens tros- og
livssynspolitikk.
Og du skal
ikkje grava
særlig djupt i
oss norskingar,
heller ikkje i dei
mest fritenkarske
mellom oss, før du
finn ein sekulær
lutheranar i
tankar, ord og
gjerningar.
Den norske velferdskyrkja
Etter endringar og omstokkingar i Grunnlova har vi ikkje lenger ei
statskyrkje. Den konfesjonelle staten frå reformasjonen og eineveldet,
som blei ført vidare i 1814, er bytta ut med ei verdslig statsforståing.
Dette er ei stadfesting av den vestlige tradisjonen
der den politiske sfæren skal vera sekulær, i motsetning
til den sivile og private. Folk har livssyn; det
har ikkje staten. Staten bygger på verdiar, men er
livssynsnøytral.
Men tradisjonen spelar med. Derfor heiter det i
første ledd av Grunnlovas paragraf 2: «Værdigrundlaget
forbliver vor kristne og humanistiske
Arv.» Det er ei nøye uttenkt formulering med stort
tolkingsrom. Noen les den som ei historisk og
deskriptiv konstatering av kvar nasjonens verdiar
har si rot, mens andre kallar det ein kristen formålsparagraf
for landet. Det har gått mange hus forbi at
det ikkje dreier seg om kristenhumanistisk
med
bindestrek, men som to ord, slik at det kan oppfattast
som to ulike tradisjonar. Det er også ugreitt at det
står «vor» og ikkje «den», for det stadfestar eit skille
mellom «oss» og «dei», mellom våre verdiar og dei
andre sine verdiar. Det er forsøkt balansert med ei
konkretisering i det andre leddet av paragraf 2:
«Denne Grundlov skal sikre Demokratiet, Retsstaten
og Menneskerettighederne.» Dersom ein tar dette
på alvor og går inn i konsekvensar for organisering,
like rettar og likestilling i ulike menigheter og i
storsamfunnet, er slett ikkje alle samde.
Harald Rex insisterte på at paragraf 4 i Grunnlova
skal lyda slik: «Kongen skal stedse bekjende sig til
den evangelisklutherske
Religion.» Men elles er alle
vaksne innbyggarar i Riket fri til å tru det dei vil,
tilhøyra den religion dei vil, eller la det vera.
Den norske kyrkja (Dnk) er på veg til å bli eit
trudomssamfunn på line med andre trusog
livssynssamfunn.
Med indre sjølstyre, men likevel i ein
spesiell posisjon, slik det er bestemt i Grunnlovas
paragraf 16: «Den norske Kirke, en evangeliskluthersk
Kirke, forbliver Norges Folkekirke og understøttes
som saadan af Staten. Nærmere Bestemmelser
om dens Ordning fastsættes ved Lov. Alle Trosog
Livssynssamfund skulle understøttes paa lige Linje.»
Andre trusog
livssynssamfunn skal altså
finansierast med same medlemstakst som Dnk, men
som «Norges Folkekirke» har den reviderte stats
kyrkja likevel ei klar særstilling. Det er Stortinget
som skal vedta kyrkjelova, og dei kyrkjelige vala skal
haldast same dag og same stad som ordinære,
politiske val. Alle er like, men Den norske kyrkja er
likare enn andre. Ho er privilegert som majoritetskyrkje
fordi ho er størst, har levd lengst i landet, har
så mange offentlige oppgaver, så mange hus og
«dekningsplikt» over heile landet.
Både Den norske kyrkja, kyrkjemedlemmene og
sentral og lokal forvaltning slit med å tilpassa seg det
nye hopehavet. Kva betyr det i praksis at alle trusog
livssynsamfunn skal behandlast på same måte? Kan
kvantitet og tradisjon trumfa likebehandling? Kordan
skal dei kyrkjelig tilsette organiserast, og skal dei vera
underlagt religiøst begrunna unntak frå arbeidsmiljølova?
Kor lang armlengdes avstand skal det vera
mellom kommunal og kyrkjelig forvaltning?
For sjølv om banda er blitt lausare mellom stat og
kyrkje, er den sjølvstyrte folkekyrkja heilt avhengig
av statlige og kommunale midlar. Som Helga
Byfuglien, den fremste mellom biskopane, så
pregnant har formulert det: «Kirken forblir en
kommuneog
statsbudsjettkirke.»
Politisk har presteskapet og den kyrkjelige
eliten dei siste tiåra tatt eit steg mot venstre i saker
som gjeld internasjonal solidaritet, asylpolitikk, økonomisk
utjamning, miljøvern og klima. Men i verdispørsmål
som har med kjønn og seksuell legning å
gjera, er den indre spenninga stor mellom bibelske
tradisjonalistar og dei som driv grundige teologiske
øvelsar for å koma i takt med tidsånden og allmenne
menneskerettar.
Lunkne og kyrkjeframande medlemmer av DnK,
og dei er det som kjent svært mange av, meiner stadig
at den åndelige breidda hadde vore større dersom
staten fekk rå meir og garantera mangfaldet. Den
første bispeutnemninga etter den kyrkjelige nyordninga
var eit døme på dei underliggande og
interne spenningane. Det lokale fleirtalet av menighetene
i Agder og Telemark ville ha prosten i
Mandal, mens det store fleirtalet av bispane ville ha
14
temahefte-33