soknepresten i Trefoldighetskirken i Oslo. Som øvste
instans valde Kyrkjerådet den mannlige prosten i
Mandal som nektar å gifta fråskilte. Mens den
tapande kandidaten, som er ei skilt kvinne, veka
etterpå blei tilsett som domprost i Oslo av dei lokale
kyrkjeorgana der.
«Folk vil itte at kjerka skal bli tatt fra dom.»
Det var administrasjonsminister Rigmor Aasruds ord
då ho tok mot Stålsettutvalet
si utgreiing om «en
helthetlig trosog
livssynspolitkk». (NOU 2013:1. Det
livssynsåpne samfunn). Statskyrkja låg under hennar
departement fordi verken kulturminister Huitfeldt,
som oppnemnde utvalet, eller kulturminister Tajik,
som tok mot innstillinga, var medlemmer av Dnk. Nå
er regjeringas befatning med alle trusog
livssynssamfunn,
hvori opptatt Dnk, samla under Thorhild
Widvey i Kulturdepartementet.
Men sjølv om alle trusog
livssynsamfunn er i
same departement, og sjøl om Grunnova er endra og
andre lovar og ordningar og institusjonar må endrast
for å vera tilpassa eit nytt mangfald, kjem dette landet
i uoverskodelig framtid til å vera prega av tusen års
kristendom, fem hundre års luthersk statsreligion og
50 års sosialdemokratisk velferdskyrkje.
Og du skal ikkje grava særlig djupt i oss norskingar,
heller ikkje i dei mest fritenkarske mellom oss, før du
finn ein sekulær lutheranar i tankar, ord og
gjerningar. Med sterke føringar frå språkets og ordas
makt, myter, metaforar og mentalitet, med hang til
individuelt ansvar og samvittighet, men også til
kollektive fellesløysingar, rasjonell argumentasjon,
arbeidsmoral og betydelige dosar puritanisme. Også
dei gudlause her i landet er etniske protestantar med
heim i ein tradisjon som er sprungen ut av ei tru dei
ikkje deler. Derfor er religiøs analfabetisme skummel,
for då forstår vi verken oss sjøl, vår eigen kultur eller
andre og meir sterktruande.
temahefte-33