DIgItaLIserINgeN erObrer sykeHJemmet ulstein kommune gPssporer spreke demente – Utstyret passar ikkje for alle og teknologien er ikkje godt nok utvikla enno. Men når det fungerer er det eit fantastisk hjelpemiddel, seier Marit Botnen, helse-og omsorgssjef i Ulstein kommune på Sunnmøre. Dei har testa ut GPS-sporing av demente. unDer til Venstre: marit Botnen, helse- og omsorgssjef i ulstein kommune på sunnmøre, meiner gPs kan vere eit godt hjelpemiddel for personar som lett går seg bort. sporing gir tryggleik både for dei og for dei pårørande. unDer til HØYre: leiar for demensavdelinga ved ulstein sjukeheim, gunn Helen myren, trur mange brukar sporing ved hjelp av private mobiltelefonar, utan å involvere helsevesenet. På sjukeheimen er gPs aktuelt å bruke for demente som gjerne vil gå tur på eiga hand. Tekst og foto: May Britt Haukås Apparatet ser ut som ein liten mobiltelefon med ein stor raud alarmknapp midt på i staden for tastatur. I tillegg er der symbol som viser ein raud og ein grøn telefon. Men brukaren kan ikkje ringe med den, berre svare på anrop. GPSen får lett plass i ei handveske eller jakkelomme. Men for at den skal fungere må den vere slått på og batteriet vere lada. Og sistnemnte må gjerast ofte, gjerne kvar dag om den er mykje i bruk. «Sporingseining» er det offisielle namnet. Den er kopla til ein mobiltelefon som får ei tekstmelding når brukaren trykkjer på alarmknappen. Mottakaren kan då enten aktivisere ringefunksjonen for å snakke med avsendaren, eller spore vedkomande via mobilen eller ved å logge inn på nettsida med kartet som viser kvar brukaren er. Prøveprosjekt Ulstein kommune er med i Velferdsteknologiprosjektet på Sunnmøre i lag med Ålesund, Ørskog, Vanylven og Herøy. Prosjektet starta i 2012 som del av Det MidtNorske Velferdsteknologiprosjektet der målet var å teste ut ny teknologi i dei kommunale pleieog omsorgstenestene. Ulstein var med i gruppa som skulle prøve ut om Global Positioning System (GPS) kan bidra til å gi demente og familiane deira ein tryggare og friare kvardag. Konklusjonen er klar: – Ja og nei! Marit Botnen får samtykkande nikk frå Gunn Helen Myren, leiar ved demensavdelinga ved Ulstein sjukeheim. – Når rett person får utstyret og det fungerer som det skal, gir det større fridom. Han eller ho kan bu heime og dei pårørande slepp angsten for å ikkje finne vedkomande om han eller ho går seg vill, forklarer Myren. Men då er altså føresetnaden at utstyret verkar som det skal, og det er det slett ikkje alltid at det gjer, i alle fall ikkje det utstyret som vart brukt i prosjektet. Umoden teknologi Etter omfattande intervjurundar med potensielle brukarar og pårørande fekk 16 personar i dei fem deltakarkommunane kvar sin GPS. Eit halvt år seinare var berre fem av dei i bruk. Rapporten etter prøveprosjektet summerer kvifor: For dårleg batterikapasitet, apparatet har for mange knappar og er vanskeleg å forstå for dei med størst kognitiv svikt, sporinga fungerer berre utandørs og alarmfunksjonen brukar ofte lang tid på å nå fram til mobiltelefonen den er kopla til. 26 temahefte-36