DIgItaLIserINgeN erObrer sykeHJemmet
Tryggare kvardag
Berre ein GPS er framleis i bruk av dei Ulstein
kommune delte ut. Likevel er både Botnen og Muren
begeistra og meiner det berre er eit spørsmål om tid
før teknologien er forbetra og GPSsporing
kan
brukast av fleire. Særleg vil det auke livskvaliteten
for fysisk spreke demente, som då kan bu heime
lenger og får bevege seg fritt slik dei gjorde før dei
vart sjuke. Også pårørande får det lettare når dei
slepp å bekymre seg heile tida. Det er gjerne dei som
er pådrivarar for å prøve sporing.
– Men ein GPS kan ikkje hindre skader, ulykker
eller at du går deg vill. Den kan berre gi tryggleik for
at du blir funnen dersom noko skjer, påpeikar Muren.
Juss og etikk
I juni 2013 vart det vedtatt ei lovendring i pasientog
brukarrettslova som opnar for å bruke sporingog
varslingsteknologi for menneske utan samtykkekompetanse.
Endringa vart gjort gjeldande frå
september same året. Bakgrunnen er eit ønskje om å
regulere og å auke bruken av slik teknologi i helseog
omsorgssektoren. Målet er å bidra til auka livskvalitet,
verdigheit, sjølvstende og fridom for den
enkelte brukar, og sjølvsagt også tryggleik både for
dei og dei pårørande.
Både helsesjef Marit Botnen og avdelingsleiar Gunn
Helen Muren avviser at bruk av GPS er overvaking og
eit alvorleg inngrep i privatlivet til brukarane, dei
meiner erfaringa viser at det er tvert om:
Kun positive tilbakemeldingar
– Der det har fungert får vi eintydig positive
tilbakemeldingar. Dette er strengt regulert og det
må gjerast grundige vurderingar i samråd med
pasienten og dei pårørande før det blir fatta eit vedtak
om bruk av GPS, seier Botnen. Ho understrekar
at velferdsteknologi aldri skal kome i staden for
hjelpande hender, den skal vere eit supplement.
– Folk vil ha det trygt, bu heime så lenge som råd
og vite at dei får hjelp når det trengs. GPS kan vere
eit slikt hjelpemiddel for somme, på same måten som
komfyrvakt og tryggleiksalarmar, seier Muren.
Både ho og Botnen trur mange allereie brukar
sporing ved hjelp av mobiltelefonar, utan å involvere
det offentlege helsevesenet.
– Ein 80åring
for ti år sidan og ein 80åring
i
dag er svært ulike. I dag er mange av dei eldre
vande med mykje moderne teknologi. Det er når dei
ikkje meistrar mobiltelefonen sin lenger at GPS kan
vere eit enklare alternativ som gir tryggheit, seier
Botnen.
trYgg FriDom: Behovet for å kome seg ut blir ikkje borte om minnet sviktar. mange demente blir
rastlause og treng å røre på seg også når ingen kan vere med. sporing med gPs kan gi fridom og hindre
store leiteaksjonar.
temahefte-36