Tonje Thorbjørnsen er rådgivar i Fagforbundet seksjon helse og sosial og nestleiar i nasjonalt utval for fagskoleutdanning i helse- og oppvekstfag (nUFHO). politikarane kappast om å løfte fagskolane Fagskolane er ein viktig del av utdanningssystemet, men er altfor lite kjent. I ei tid der høgskolar skal bli universitet og helsefaga pregast av stadig sterkare akademisering, trengst det fagskolar som kan gi god praksisbasert utdanning over heile landet. Ein stor del av medlemmene våre har ei grunn utdanning som fagarbeidarar. Fagskole er eitt av dei viktigaste verkemidla for desse til å kunne vidareutvikle kompetansen sin. Fagskoleutdan ning sørger for dyktige fagfolk til helsesektoren, og vil samtidig gi grunnlag for lønsauke og utvida arbeidsoppgåver og ansvar for den enkelte. Fagskoleutdanning i helsefag utgjer ein stor del av det norske fagskolesystemet og er den delen som veks raskast. Om lag 25 prosent av alle fagskolestudentar tek utdanning i helsefag. Satsing på fagskole har blitt eit aktuelt politisk tema som dei to største partia kappast om å løfte høgst. Fagskole får, med den nye fagskolelova, status som høgre yrkesfagleg utdanning. Det blir innført studiepoeng, og studentane får rettar på linje med studentar ved universitet og høgskolar. Fagskoleutdanning i helsefag byggjer på dei gamle vidareutdanningane for hjelpepleiarar som blei etablert og bygd ut på 1970og 80talet i barselog barnepleie, psykisk helsearbeid og somatikk. Etter innføringa av Reform 94 i vidare gåande opplæring blei vidareutdanningane lagt ned. Men helsestyresmaktene, med god drahjelp frå Fagforbundet, tok initiativ til å gjeninnføre utdanningane og leggje dei under den nye lova om fagskolar frå 2003. Bakgrunnen for etableringa av dei gamle vidareutdanningane og dagens «Helse, aldring og aktiv omsorg». I tillegg har det blitt utvikla tilbod i kreftomsorg, nevrologiske skader og lidelsar, rehabilitering, miljøarbeid, smittevern og sterilforsyning, rettleiing, admi nistrasjon og teamog prosjektleiing. Dei aller fleste som tek fagskoleutdanning i helsefag, har ei grunnutdanning som helsepersonell. Det er mogleg å bli tatt opp som student til fagskoleutdanning på grunnlag av realkompe tanse. Ein kan ikkje få autorisasjon som helsepersonell etter gjennomført fagskoleutdanning viss ein ikkje har ei godkjent grunnutdanning. Det er fagskolane som søkjer Nokut om godkjenning av fagskoletilbod basert på skolens studieplan. Nasjonalt utval for fagskoleutdanning i helseog oppvekstfag (NUFHO) utarbeider «nasjonalt anbefalte planar» som skolane kan byggje sine tilbod på. I NUFHO deltek arbeidslivspartane og representantar for dei offentlege og private tilbydarane. Per i dag finst det rundt tolv anbefalte planar som er retta mot helsepersonell med utdanning frå vidaregåande nivå – primært helsefagarbeidarar. Helsedirektoratet har finansiert utvikling av fagskoleutdanning i helsefag via øyremerka midlar på statsbudsjettet. For 2017 var fagskoleutdanning sørger for dyktige fagfolk til helsesektoren, og vil kjelder Agenda Kaupang (2017): Samarbeid mellom kommuner og fagskoler, KS FOu-prosjekt nr. 164021 Arbeidsforskningsinstituttet (2017): Helsefagarbeidernes muligheter for utvikling og bruk av kunnskaper og ferdigheter i jobben, Fou-resultat 02:2017 Høst, H., C. Tømte (2016): Styring og styrking av en fragmentert sektor – En evaluering av Nasjonalt fagskoleråd, Oslo. NIFu. fagskoleutdanningar har primært vore samtidig gi grunnlag for lønsauke og utvida behovet for spesialisering og fagleg fordjuping. Dei største og mest populære arbeidsoppgåver og ansvar for den enkelte. tilboda er «Psykisk helse og rus» og 24 pleie i praksis temahefte-47