fagLeg INNspeL
løyvinga på vel 100 millionar kroner. I tillegg får
studentar som er medlem i Fagforbundet, stipend.
Det finst ikkje så mange vitenskapelege
studiar av kva fagskoleutdanning i helsefag betyr
i arbeidsfeltet, det vil seie i kommunanes helse
og omsorgstenester og i sjukehus. KS har gjennomført
eit FoUprosjekt
(red.anm. forskning og
utvikling) som tyder på at det er stor variasjon i
kva grad kommunane kjenner til fagskoleutdan
ning. Det er og eit spørsmål om dei har strategiar
som inkluderer fagskoleutdanning. Likevel
meiner dei fleste at fagskoleutdanning er viktig
for å heve kompetansen til dei tilsette og utvikle
og forbetre tenestene.
Stadig fleire unge tek bacheloreller
masterutdanning
på høgskole eller universitet. Det er
bra, men samfunnet treng også den yrkesfaglege
kompetansen til fagarbeidarane. For at ungdom
skal finne yrkesfag like interessant som høgskoleutdanning,
må det finnast karrierevegar og
måtar å byggje kompetanse på som gir utteljing.
Fagskolane er nettopp yrkesretta alternativ til
høgskole. Det må dessutan utviklast gode overgangar
mellom systema.
Dei kommunale helseog
omsorgstenestene
står overfor utfordringar med å tiltrekkje seg nok
personell med rett kompetanse. Stadig meir
komplekse helseog
omsorgstenester skal ytast i
kommunane, og pasientar og brukarar har
samansette behov. Dette krev mykje av alle som
jobbar der, og ingen kan rekne med å vere ferdig
utlært etter avslutta grunnutdanning, uansett
kva nivå den er på.
Styrken til fagskolen er at den har ein
kunnskapsbase som er erfaringsbasert
og praksisnær. Samtidig
skal den bruke forskingsresultat
og annan
kunnskap til å
utvikle nye
arbeids
metodar og god praksis.
Dette er kompetanse som
arbeidslivet etterlyser.
Fagforbundet jobbar
for å løfte yrkesfaga og
sørge for at den kompetansen
ein fagarbeidar
har, blir verdsatt og utvikla.
«Kunnskapssamfunnet
» betyr ikkje at
alle skal ha mastereller
doktorgrad.
Kunnskapssamfunnet
betyr at alle arbeidstakarar
må utvikle
sin kompetanse i
samsvar med endra
behov i arbeidsliv
og samfunn
– gjennom
heile yrkes
livet. Fag
skolen er eit
viktig virkemiddel
for å
sikre at faglærte
også
får den
muligheita.
temahefte-47