Lærlingar er framtida Lærlingane sikrar kommunen kompetanse i framtida. Dessutan er det lærerikt for verksemda å få inn ein lærling. Difor vel Flora å ta inn fleire lærlingar enn dei fleste kommunane gjer. Tekst og foto. KARIN SVENDSEN Av om lag ti elevar på helse og sosial ved Flora vidaregåande skule var det to som fekk læreplass i kommunen. Hege Ryland var ei av dei heldige, og er nøgd med kommunen som lære- plass. Men ho tykkjer det er synd at ikkje fleire i klassen fekk tilbod om læreplass, og at fleire difor gjekk over til allmennfag. – Eg har vorte veldig godt motteken her, seier Ryland. Ho har vore eit halvt år på omsorgssenter og like lenge på ein pleieinstitusjon. No arbeider ho som heimehjelp. Etter endå eit halvår i heimesjukepleia er Ryland ferdig omsorgsarbeidar. God læreplass Flora kommune har om lag 11.500 innbyggjarar, og tek kvart år inn nye lærlingar slik at dei alltid har mellom 16 og 18 ungdomar i lære. Kom- munen er godkjend som læreplass innan kontorfag, institusjonskjøkken, barne- og ungdomsarbeid, pleie og omsorg i tillegg til at dei kan ta inn framtidige aktivitørar og feiarar. – Me satsar ikkje berre på å bruke lærlingar, men også på å gje dei ei god læretid, seier Trond Ramstad Olsen, personalkonsulent i Flora kommune. Han er fullt klar over at den fyrste tida kan bli hektisk for han eller ho som er ansvarleg for opplæringa, men meiner verksemda seinare har stor nytte av innsatsen til lærlingane. foreiningane vart einige om å priori- tere paragraf 20-gruppa ved ledige stil- lingar. – Kanskje var det ein hjelpepleiar eller omsorgsarbeidar som ynskte å gå opp i stillingsbrøken, men me vart Lang erfaring med §20 For om lag ti år sidan byrja Flora kommune satsinga på vaksne tilsette og vika- rar utan formell kompe- tanse. Særleg innafor helsesektoren var det mange som fekk rett til opplæring gjennom para- graf 20, vaksne sin rett til vidaregåande utdanning. – Me ynskte at dei som allereie var i systemet, og som venteleg skulle arbeide i kommunen endå nokre tiår, skulle få heva kompetansen og ta fagbrev. Det er ein stor føremon for den einskilde tilsette, men òg for arbeidsgjevaren. Utan fagbrev er ein ofte låst til ein bestemt arbeidsplass. Med fagbrev følgjer kompetanse til å arbeide fleire stadar. Kommunen, politikarane og fag- likevel einige om å priori- tere praksis til dei ufag- lærte når det var mogleg, seier personalkonsulenten. Alle i lære Røynslene er at det ikkje er berre lærlingane som har nytte av læretida, meiner Ramstad Olsen. – Når det kjem ein lærling inn på arbeidsplas- sen, er det tre partar som går inn i ein læringspro- sess; den ansvarlege for opplæringa i verksemda, me i kommunen og lærlingen sjølv. Ein ungdom under utdanning verkar vitaliserande på miljøet. Me må tenkje gjennom det vi gjer, og svare på spørs- mål om kvifor vi gjer ting slik eller slik Politikarane og administrasjonen i Flora er i følgje Ramstad Olsen SAMANHANG: – Som IA- bedrift må kommunen ta ansvar for ungdommen og framtida, meiner Trond Ramstad Olsen. 30 > Fagbladet 1/2007 fbaargang2007 fbseksjonHEL